Januar 2015

31.01.2015

Nydeleg vinterdag og to turar til Solsæ.

30.01.2015


21.01.2015

Flott tur til Litlastøl rett før solnedgang

20.01.2015

Reiste til Stokksel med plan om å gå til Ingebjørgfjellet.. men pga altfor kraftig vind snudde eg ved Nonfjell. Fjørlett snjo og flott pudeføre i skogen! Instagram-video

19.01.2015

Rakk akkurat ein kort tur til Velkesfjellet i det sola gjekk ned. Enorme snømengder i skogen gjorde at det knapt var forsvarleg (eller mulig) å ta med hunden på tur innover i skogen.
Instagram-video

18.01.2015 | Ingebjørgfjellet

Tur frå Stokksel til Ingebjørgfjellet. Lett snødrev og tett skodde på toppen, med flotte pudderforhold og god sikt på turen nedatt.

17.01.2015

Kort tur til Olastøl frå Havås

14.01.2015 | Drevtjørn

Snøtunge tre, nypreppa løyper og stjerneklar himmel!

13.01.2015 | Haugseåsen

Haugseåsen i Granvin viste seg frå si aller beste side i kveld. Vindstille, nysnø og stjerneklar himmel.

Ein kalv og ei kolle blokkerte vegen på veg ned frå Vindal.. (sjå mobilfoto)

12.01.2015 | Drevtjørn

Det vart ein ufrivillig kort tur i ljosløypa på Drevtjørn då straumen (og ljoset) plutseleg vart vekke i kveld..

Ein lettare forvirra harepus hadde forvilla seg midt i vegen på Ulvikahøgda. Etter å ha fulgt etter den med bilen eit stykke klarte den omsider å komme seg over dei nesten 2 meter høge brøytekantane..
Mobilfoto:

07.01.2015 | Tungeteigen, Sotenos, Solsæ, Vassfjøro

Tur frå Tungetegien til Solsæ i nydeleg vær. Flott utsikt mot majestetiske Vassfjøro i ettermiddagssol.

Granvinsvatnet (kajakk)

Årets fyrste kajakktur i speglblankt vatn.
gopro-foto:

Solsæ, Solsæstølane, Solsævatnet

Etter eit par dagar med skikkeleg ruskevær er det fine vinterværet kommet på retur.
Nydeleg vintervær og skiføre, med nypreparerte løyper innover mot Solsæ.
Det var meldt stiv kuling i fjellet i dag, men det fine med turen innover langs Solsævatnet er at den ligg svært godt "skjerma" for vind og uver. Inne ved Solsæstølane var det ikkje eit vindpust å spore.