2015

Hamre - Seljenuten - Middagsnuten

Ettermiddagstur til Middagsnuten via Seljenuten


Njuk

Trugetur til Njuk


Stavaskarsnuten frå Liaset

Frisk og vindfull tur til Stavaskarsnuten. Uheldigvis kom det skodde innover då me nærma oss toppen, slik at det vart flatt ljos på nedkøyringa. Veldig skavlete (litt isete) nedatt mot Stavaskar.. men OK føre vidare ned.


Ingebjørgnuten frå Stokksel

Etterlengta solskinsdag!
3xHaugen 2xTaskjelle 1xHausnes 1xVoss og 1xOsa på tur til Ingebjørgfjellet. Litt avblåst på toppen men fine pudderforhold i skogen.


Liaset, Olastøl, Strutseggi

Flott tur i fullmåneskin, frå Liaset til ein av "fortoppane" før Strutseggi. Bra nysnøføre i skogen.. men avblåst opp mot toppen.


Verkadalsnuten

Godt med litt frisk luft mellom grauten og pinnakjøtmiddagen. Gjekk til Nonfjell og vidare til Verkadalsnuten.
Etter den voldsomme snøsmeltinga den siste veka kan ein no parker heilt opp med Stokksel. Oppholdsvær, sterk vind frå søraust og 6-7 plussgrader. Litt sugeføre heilt øverst.. men ellers bra frå Nonfjell.

https://www.instagram.com/p/_rhg__LtH5LX2tJAVS8Ae2AnkZQS5VwcGkK3A0/


Olastøl

Kort ettermiddagstur til Olastøl frå Liaset. Nysnø og tett snødrev over 600m.


Liaset-Olastøl

Kveldstur til Olastøl. Lett regn i lufta.. og ikkje heilt uventa sugeføre (og etterkvart eit veldig klabbeføre), men heldigvis bra gli så lenge eg holdt meg i scootersporet/skisporet nedatt Olavstølvegen.


Stokksel, Dalsete, Dosafjellet

Med det været som er meldt ifrå kvelden av og vidare innover i jola blir det nok ei stund til snøforholda er som dei har vert den siste veka.
Starta derfor tidleg i dag for å få best mulig føre.. og vassa i 20-30cm lett og luftig snø frå Stokksel til Dalsete. To nedkøyringa i pudderføre frå Dosafjellet i det sola kom opp over Storeflåtten i sør. Ubeskriveleg bra føre på den siste nedkøyring i den tette skogen mot Stokkselstølane.


Stokksel-Ingebjørgfjellet (nordlys, stjerneskudd=

Flott kveldstur til Ingebjørgfjellet, med nordljos og stjerneskudd over himmelen (meteorsvermen Geminidene krydra himmelen med fleire stjerneskudd i minuttet på det mest intense). Fullstendig vindstille på toppen og 30-40cm fjørlett pudder nedatt frå Nonfjell.


Stokksel-Ingebjørgfjellet-Nonfjell

 Nok ein flott vinterdag. Julekortstemning og 30cm pudder i skogen opp til Nonfjell. Litt meir avblåst vidare opp mot toppen. To nedkøyringar, den første mot Stokkseldalen og den andre frå Nonfjell.


Stavaskar

Kveldstur til Stavaskar. Regn heime men tett snødrev og full vinter i fjellet.
Holdt på å bli truffen av ei fjellrype på veg opp. Den kom rett imot meg, kanskje blenda av det sterke ljoset frå hovelykta. Og sidan eg høyrde på musikk på iPoden merka eg det ikkje før noko kvitt plutselig kom flaksande rett imot..


Havås-Nautastien

Tur frå Havås og opp Nautastien rett etter jobb. Brotskare og dårleg skiføre..
Hadde tru på at det ville være nysnø frå Håtjørn og vidare.. men det var ikkje antydning til bedring høgare opp. Flott rosafarga himmel etter solnedgang.


Liaset-Olastøl-Olavstølnuten

Nok ein dag med nysnø. Snudde eit godt stykke før toppen pga tedd snødrev og dårlig sikt, og fordi det byrja å myrkne... men i det me hadde tatt av fellene og gjort oss klar for nedkøyringa klarna det heilt plutseleg opp.


Liaset-Stavaskarsnuten

Gjekk frå Liaset til Stavaskarsnuten. Litt våt nysnø på veg opp til Olastøl, men overraskande bra forhold med 5-10 cm tørr nysnø opp til Stavaskarsnuten på 1258 moh. Stjerneklart og vindstille. Sporlogg

Mobilfoto:


Liaset-Olavstølnuten

Gjekk frå Liaset til Olavstølnuten (1137moh). 50cm fjørlett pudder nesten heile vegen opp. Dei neste dagane er det meldt mildvær og regn.. så det blir nok lenge til ein får slike forhold att. Sporlogg


Nonfjell

Julekortstemning på veg til Nonfjell i ettermiddag. Snudde på ca 900moh. Minst 40cm tørr nysnø på turen opp mot Nonfjell.. og nye 10-15cm hadde lagt seg på bilen då eg var kommen tilbake eit par timar seinare..!


Olastøl

Gjekk til oppunder Strutseggi. Tett snødrev og litt skodde. Snudde pga ustabil snø.

Stavaskar, Stavaskarsnuten

"Uværskveldstur" til rett oppunder Stavaskarsnuten. Fulgte eit nyopptrakka spor nesten heile vegen opp, så turen gjekk lett. Fortsatte eit lite stykke vidare, men då gjekk regnet over til hagl og vinden økte i styrke... Snudde ca 100 høgdemeter før toppen.
Det var eit par varmegrader då eg reiste heimifrå, så hadde eit lite håp om at snøen skulle være tørr høgare opp, men med regn og samme lufttemperatur heile vegen opp vart det desverre sugeføre deluxe. Kliss gjennomvåt då eg kom nedatt til bilen.

Olavstølnuten

Ny flott kveldstur til Olavstølnuten. Sporet mitt frå i går var nedsnødd, og det var tørr nysnø heilt ned mot bilen. Perfekt føre for 134mm breie ski! Gløtt av fullmåneskin.


Olavstølnuten

Gjekk frå Olastøl til Olavstølnuten (1136m). Flott nedkøyring med 10-15cm tørr og fin nysnø nesten heilt ned.

Sporlogg


Ingebjørgfjellet, Oksatjørni

Ny tur til Ingebjørgfjellet. Like flott føre som i går, men endå klarare og betre sikt frå toppen og utover fjorden. Prøvde meg eit stykke ned mot Oksatjørni, men snudde omlag halvvegs pga litt lite snø. Oppatt til Ingebjørgfjellet og nedkøyring til Stokksel.


Stokksel, Nonfjell, Ingebjørgfjellet

Tur til Ingebjørgfjellet med Jarle og Jo Bjørnar.
Fyrste halvtimen gjekk me til fots og tok ikkje på oss skiene før me nærma oss Nonfjellshytta. Vidare på ujamn snø og hard skare. Men frå ca 7-800moh var føre overraskande bra, med rimfrost og eit 2-3cm djupt snølag oppå skaren. Fullstendig vindstille heilt til topps!


Myrkdalen, Finnbunuten

Ettermiddagstur til Finnbunuten frå Myrkdalen. Flott solnedgang og bra føre øverst.


Stavaskar

Tur til Stavaskar med Margit Irene. Flott pudderføre over 800moh


Olavstølvegen, Stavaskar

Kjøyrde opp Olavstølvegen så langt eg kom og gjekk vidare til rett oppunder Stavaskarsnuten, der skodda låg tjukk vidare oppover. Omlag ein halv meter med snø frå ca 8-900moh. To flotte nedkøyringar mot Olastøl i fersk nysnø. På den siste nedkøyringa klarna det skikkelig opp.. og det vart flott skin frå halvmånen på veg nedatt mot bilen.
Utruleg kjekt med sesongens fyrste skitur når forholda er så bra som no! 


Solsæ


Nautastien, Nesheimshorgi, Horgastien

Ettermiddagstur til Nesheimshorgi. Opp Nautastien, nedatt Horgastien. Oppimot 30-40cm med snø på det meste.. og meir enn forventa. Vinteren nærmar seg med stormskritt, bokstavelig talt.

10.11.2015

Kveldsjoggetur/hovelykttur frå Drevtjørn og inn grusvegen til Solsæstølane. Hadde stort sett oppholdsvær. Om ikkje lenge kan ein forhåpentligvis gå turen på ski: http://turogfoto.no/foto-blogg/572-31-01-2015


Horndalsnuten, Skaftedal

Gjekk frå Skaftedal og fram til siste oppstigninga før toppen av Horndalsnuten. Snudde ca 100 meter frå toppen pga tjukk skodde. Stort sett i våt sti og myr fyrste del av turen... som etterkvart gjekk over i nysnø frå 900-1000moh.