Desember 2014

27.12.2014 | Njuk, Nesheimshorgi, Nautastien

3 x Haugen (+ein firbeint) på tur frå Såkvitno til Njuk og vidare til Nesheimshorgi. Nedatt Nautastien i fjørlett puddersnø og vakker solnedgang.


25.12.2014 | Ingebjørgfjellet

3xTaskjelle, 2xHaugen og ein vossing på tur til Ingebjørgfjellet.
Turen frå Stokksel ligg nordvendt, så me fekk ikkje sol før heilt på toppen. Fullstendig blikkstille på toppen og ein kunne såvidt kjenne varmen frå sola, som stod lågt i sørvest.

24.12.2014 | Smøreggi

Eg og Sigve tok ein formiddagstur frå Havås til Smøreggi. Etter dei siste dagars regn- og mildvær frykta me at føret no var blitt dårlig, men iløpet av gårsdagen hadde det komme 20-30cm tørr og fin nysnø, med eit bra skarelag under. Kjempeflotte forhold i dag, med gløtt av sol og blå himmel, så det vart to turar på oss før reisa gjekk vidare til graut og pinnakjøt.

21.12.2014 | Solsæ (fatbike)

Fekk tips om at løypa inn til Solsæstølane no var trakka og klar til bruk. Vegen er 14km (t/r) og like fin både sommar som vinter, til fots, på ski.. eller på sykkel.
Det hadde snøa tett og allereie lagt seg 10-12cm oppå den trakka løypa og den mjuke skaren, så eg frykta det kom til å bli vanskeleg å komme seg innover. Men med lågt trykk i dei breie dekka hadde ikkje sykkelen noko problem med å flyte oppå snøen. Skogen er nesten blitt "trolsk" av all den tunge snøen.. og det er nett som eit eventyr å suse innover skogen for tida, med omlag 1,5 meter med snø rundt seg.

20.12.2014

Flott julekortstemning i løypene på Drevtjørn!

17.12.2014

Første dagen med oppholdsvær etter nesten 10 snørike dagar!
Tok turen opp til Stokksel og vidare til Nonfjell i "metervis" med pudder.

16.12.2014

Samme turen som i går, men no med endå 20 nye centimeter med snø!

15.12.2014

To turar frå Havås opp til under Nesheimshorgi. Den fyrste i skumringa, og den andre turen med hodelykt. Over halvannen meter med pudder på toppen.

Liaset, Olastøl, Stavaskarsnuten

Tur med DNT Fjellsport Voss. Me var seks frammøtte som tok turen frå Liaset til Stavaskarsnuten. "Julekortstemning" med tung snø i treene og nysnø opp mot Olastøl. Tjukk skodde, snødrev og vind gjorde at me snudde rett før toppen.


11.12.2014

Første tur med vintersykkelen (fatbike).
Det var trakka inn til bommen før Solsævatnet. Vegen innover var omgitt av eit utal vinterkledde tre som hang tunge av nysnø over vegen. Vindstille og oppholdsvær. Tok så ein tur i 5-kilometeren på Drevtjørn.

09.12.2014

Kveldstur til Nonfjell. Nær ein meter med tørr fin nysnjo oppover skogen mot Nonfjellshytta! Artig skogskøyring i fløyelsmjuk snø nedatt til Stokksel.

07.12.2014 | Nonfjell, Stokksel

Ein liten kveldstur med hodelykt til Nonfjell. Eit voldsomt snøvær møtte meg oppe ved parkeringa på Stokksel, og "julekortstemning" i skogen vidare opp mot Nonfjell. 20cm tørr nysnø, og bra såle over tregrensa. Dette lover bra for vinteren!

Olsskavlen (måneskinstur)

Måneskinstur til Olsskavlen frå Olastøl. Stjerneklar himmel, flott lys frå månen og minimalt med vind gjorde det til ein kveldstur som seint vil gå i gløymeboka!
Mykje snø har smelta det siste døgnet, men likevel nok til å kunne gå heile turen på ski, frå Olastøl (600moh) og til toppen av Olsskavlen (1576moh).  


03.12.2014

Kort tur til Stavaskar for å sjekk snøforholdene. 10-15cm med nysnjo. Skvatt skikkelig til då eg såg ein orreflokk på fire lette like ovanfor tregrensa, på 10-15m avstand.