Fekk prøvd piggskoene i kveld, og dei satt som limt til det sleipe og glatte føre over snøgrensa (omtrent ved Nonfjell). Fin kveldsstemning frå toppen av fjellet, vindstille og mildt.
Turen til Ingebjørgfjellet er kanskje ein av dei lettast tilgjengelige fjelltoppane med flott fjordutsikt i Granvin. Totalt 11km (tur/retur) og 800 høgdemeter stigning frå Stokksel.
Snø på toppane i Hardanger. Eidfjorden sett frå Ingebjørgfjellet.