Mai 2014

31.05.2014 - Blåskavlen (Aurland)

Tur til Blåskavlen i Aurland. Starta grytidleg på morgonen for å få best mulig føre. Første nedkøyring gjekk eit stykke ned i Blåskavlabotnen i perfekt slusj. Så oppatt til toppen og ned i Storebotn.

29.05.2014



26.05.2014

Kveldstur til Njuk


24.05.2014 - Kajakk i Ringedalsvatnet (Tyssedal, Odda)

Kajakktur i Ringedalsvatnet og ein fin sykkeltur innover den 7 km lange Ringedalsvegen (fram til stien opp mot Via ferrata til Trolltunga).


22.05.2014

Holven - Angerskleiv - Tveito.
Bart og tørt heile vegen.


20.05.2014 - Hamre (Granvinsfjorden)

Kveldstur i Granvinsfjorden til Hamre og vidare mot Byre.


19.05.2014 - Bagne (Osafjorden)

Kveldstur i kajakk i Osafjorden. Starta frå Hetlenes og padla over til andre sida av fjorden, til Bagnsstrondi. Derette vidare til fots opp den bratte stien til Bagne (gardsbruk, 280moh).

Flott utsikt frå toppen, fullstendig blikkstille på fjorden, og kanskje den varmaste dagen hittil i år!

Sporlogg (t/r)

 


18.05.2014 - Onen (1620 moh.)

Tur til Onen 1620 moh. med start frå Osafjellsvegen (rett før Austdølavatnet).
Varmt og flott vær, men ikkje uventa veldig blaut snjo og sugeføre (med nysnjo) over 1400m. På turen opp såg eg mellom 15-20 lettare forvirra lemmen.. dei to første dukka opp allereie rett etter eg gjekk ut av bilen.

Sporlogg


Oksen

Fjell: Oksen 1241 moh.






Olsskavlen (fullmånetur)

Kveldstur til Olsskavlen frå Olastøl (Liaset). Flott solnedgang frå toppen, og fullmåneskin på veg nedatt.


12.05.2014 - Olsskavlen, Strutseggi

Kveldstur til Olsskavlen og Strutseggi. Nysnø over 1200 høgdemeter.


10.05.2014

Starta frå Ulvik sentrum og sykla asfaltvegen opp til Ljono og vidare opp den bratte kjerrevegen til Gårhovden over til til Solsævatnet (der det låg parti med snø i vegen). Sykla tilbake via nokre fine (og mindre fine) traktovegar som til slutt førte fram til parti ovanfor Ljono.
Nydeleg vær - varmt og vindstille!


08.05.2014 - Ingebjørgfjellet

Fortsatt kjempeforhold i fjellet. Me tok turen til Ingebjørgfjellet i kveldssol og 10 plussgrader. Perfekt rask slusj heile vegen ned til Stokkseldalen.


04.05.2014 - Ingebjørgfjellet

Kveldstur til Ingebjørgnuten.
Sola varma godt, så kunne gå i kortarma ulltrøye nesten heilt til topps. Flott utsikt frå toppen, fullstendig vindstille og vakkert lys frå sola i vest. Slusj kombinert med eit lite nysnølag gjorde nedkøyringa veldig bra!

Bilder tatt med GoPro-kamera:


Ulvik, Frystetjørn

Kveldstur til Frystetjørn (532m.), eit idyllisk lite tjørn i Ulvik.
Starta frå sentrum av Ulvik og sykla i flott grusveg dei fyrste 3 km frå Vambheim, og vidare i litt grovare (og brattare) traktorveg dei siste par kilometrene fram til Frystetjørn (532moh).
Kaldt i lufta, men kveldssola varma likevel godt!


Stokksel - Ingebjørgfjellet - Oksen

Den tradisjonsrike 1.mai-turen til Oksen frå Stokksel vart i år gjennomført i eit nydeleg vær. Tilnærma vindstille på toppane og god sikt i alle himmelretningar. Me var oppom Ingebjørgfjellet på turen bort og tilbake. Ein ørn, paraglider og ein pratsom tyskar med hatt vart observert frå Oksen i dag!