April 2014

30.04.2014


29.04.2014 - Tveito, Haugseåsen, Vetlavatnet, Vatnset

Tok turen til Tveito og og innover den fine skogsvegen til Vetlavatnet. Varmt som ein sommardag og tørre fine vegar å sykle på. Fortsatte nedatt til Heiane over til Haugseåsen og inn til Vatnaset.


27.04.2014 - Nordbotnnuten, Stavaskarsnuten og Strutseggi

Flott tur frå Liaset til Nordbotnnuten, Stavaskarsnuten og Strutseggi i eit fantastisk vær og føre! Nedkøyring til Nordrebotnen, Trollabotnen, Seldalen og Liaset i slusjføre.


26.04.2014 - Osafjorden, Sygnestveit

Kajakktur i Osafjorden


25.04.2014 - Honndalsnuten

Ettermiddagstur frå Fennestølane til Honndalsnuten (Horndalsnuten) 1461 m. 
Veldig våt og tung snø (sugeføre) heilt fram til øvre Modalsvatnet ca 1000 moh, men bra vidare opp. Fullstendig vindstille (og lydstille!) på toppen.. og sikkert nærmare 20 grader i sola.


24.04.2014 (Holven, Heiane, Velkje, Vatnaset)

Fin sykkeltur frå Holven over Heiane, vidare på skogssti som ender opp på Velkje og på grusveg/traktorveg fram til Vatnasetstølane. Vindstille og varmt i kveldssola på Vatnaset.


21.04.2014 (Vetlavatnet, Tveito)

Kveldstur på sykkel til Vetlavatnet (Tveito). Fine tørre stiar, og varmt som ein sommardag..!


20.04.2014 (Stokksel, Ingebjørgfjellet, Midtfjell, Dalsete)

Hadde plan om ein skifri dag, men når forholdene i fjellet er på sitt aller beste er det fort gjort å ombestemme seg..
-
Turen gjekk frå Stokksel til Ingebjørgfjellet, nordaust mot Dalsete, vidare til Midtfjell (via Disk) og oppatt til Ingebjørgfjellet for 2.gong. Fantastiske forhold, med ein god blanding av nysnø og slush! I dag var det folk å sjå på alle dei fire fjelltoppane (Oksen, Ingebjørgfjellet, Midtfjell og Grimsnuten) langs fjorden.


19.04.2014 (Hamre)

Vårleg innover grusvegen til Hamre, og langsmed heile vegen var kvitveisen kommen i full blomst! Eit anna vårtegn; Jo Bjørna svelgte ei fluge..


15.04.2014 (Stokksel, Midtfjell, Ingebjørgfjellet)

Tur frå Stokksel til Midtfjell og Ingebjørgfjellet i maksimalt vær og føre.
Den lange slake nedkøyringa frå Ingebjørgfjellet mot Stokkseldalen var bedre enn nokon gong, med litt nysnø på toppen som gjekk over til den flottaste smørslush lenger nede.


14.04.2014 (Bavallen, Lønahorgi)

Tur frå Bavallen til Lønahorgi.
Til tross for oppimot 15m/s var føret bra frå Horgaletten og vidare opp. Stort sett sol og god sikt!


13.04.2014 (Njuk, kveldstur)

Tur til Njuk i altfor mykje tung nysnø. Flott fuglesang i skogen på veg ned att neste morgon!


Olsskavlen, kveldstur

Kveldstur til Olsskavlen med Georg og Reidun.
Solskin og flott nysnøføre frå Stavaskaret (750m) og vidare. Skodda kom sigande då me nærma oss Olsskavlen, og me fekk aldri den flotte solnedgangen frå toppen som me hadde håpa på. Etter eit par hundre høgdemeter med nedkøyring i nysnø vart sikta god, med flott skin frå månen og solnedgang i vest. Me kunne og skimte planeten Mars, som ein raudleg liten prikk på himmelen (http://www.tv2.no/2014/04/08/storm/stjernehimmel/planet/mars/5484578). Nedkøyringa frå Stavaskarsnuten og vidare var mildt sagt dårlig - slusjsnøen var omgjort til brotskare av verste sort...


Liaset, Strutseggi

Ettermiddagstur frå Liaset til Strutseggi, på ein dag der sola og finværet kom litt uventa.
Artig nedkøyring, i rask slushsnø av beste sort, frå topp til botn!


06.04.2014 (Stokksel, Midtfjell)

Turlagstur frå Stokksel til Midtfjell.
Når ein våkner opp til gråvær, tåke og litt yr i lufta, så er det ikkje alltid like lett å motivere seg for å være turleder. Men till tross for litt yr og regn i starten vart været fort bedre, med gløtt av sol innimellom, og god sikt store deler av turen. Føret var upåklageleg bra heilt til topps, med eit lett slushlag på fast og fint underlag!
På veg nedatt, i scootersporet mot Stokksel, kom to reinsdyr plutseleg i mot i stor fart.. kva dei hadde blitt skremt av lenger nede er eg usikker på.. men dei bråsnudde når dei såg oss (og hunden), berre 5-10m ifrå oss. 


04.04.2014 (Njuk)

Stjernehimmel og halvmåne over Njuk