Mars 2014

31.03.2014 - Tjoflot, Vindhovden, Oksen

Med ski og sekk liggande klar i bilen gjekk turen til Tjoflot og Oksen etter jobb. Når vær og føre er så flott som no, så må det berre utnyttast. Om ikkje mange vekene (kanskje rundt påsketider) er truleg snøen smelta vekk frå Vindhovden(559 moh) og vidare eit stykke opp mot Oksabrekkene.

Turen gjekk til fots frå parkeringsplassen ved Tjoflot til Vindhovden, deretter var det på med skiene og i flott føre vidare opp til Oksen. Litt skare enkelte stader, men ellers eit mjukt og fint slusjlag opp dei bratte Oksabrekkene. Fullstendig vindstille og god sikt i alle himmelretningar og innover fjordane. Vart sittande på toppen ein halvtimes tid før første nedkøyring i retning mot Oksetjønn, men valgte å snu halvvegs då det var skarete og ganske ujamnt/dårlig føre.
Deretter oppatt til toppen, i retning (motsols) ned Oksabrekkene i eit nydeleg slusjføre! Av med sekken, for så å ta ein ny tur opp brekkene til toppen og ein siste nedkøyring akkurat i det sola var på veg bak fjellene, litt etter kl 20. Følelsene av å køyre ned i slusjføre i så flotte omgivelsar, med fjordutsikt og solnedgang, kan (nesten) ikkje beskrivast.. 


29.03.2014 - Olsskavlen

Tur frå Liaset til Olsskavlen, på ein uvanlig varm og disig marsdag!

Starta turen tidleg på morgonen før sola hadde fått skikkelig tak i snøen, både for at hunden skulle sleppe å gå gjennom snøen på veg opp, men og for å sleppe unna den verste varmen. Hadde likevel sol frå eg starta ved Liaset kl 06:45, og det var såpass varmt på toppen i 9-tida at det hverken var nødvendig med lue, votter eller jakke.
Fekk fantastisk flott nedskriing mot Vestrebotnen i slusjsnø. Deretter oppatt mot Sauanuten og nedkøyring mot Espelandsfossen. På dei siste hundre høgdemetrane hadde sola tint opp snøen såpass at det var problematisk for hunden å komme seg ned enkelte stader, snøen var blitt "pill råtten" i skogen ned mot fossen.


Gråsidetoppen

Ny fin ettermiddagstur til Gråsidetoppen. Samme rute som for eit par dagar sidan.
Mildt, vindstille og lett overskya.. kunne faktisk gå i kortarma ulltrøye nesten heilt til topps..! Sola prøvde å bryte gjennom skyene og skapte eit flott ljos over fjellet. Nedkøyring i perfekt slusj heilt til rett før Tillung, der det gjekk over til skikkeleg "sugeføre"!


26.03.2014 (Fennastølane - Byrseteggi)

Ettermiddagstur frå Fennastølane innover Siglingadalen og til Byrseteggi. Flotte "maleriske" skyer på himmelen.
La kjapt ifrå meg planen om å gå vidare til Honndalsnuten, både fordi vinden økte på.. men og fordi hunden trakka djupt ned i snøen for kvart steg. Det frista plutseleg meir med ein roleg ettermiddag i sola..!

.


Gråsidetoppen

Fridag med sol frå blå himmel.

Tok turen grytidleg til Osa for å gjere eit forsøk på Onen med håp om å rekke soloppgangen over Hardangergjøkulen.., mén det vart bomtur. I motsetning til for ei drøy veke sidan, så var heile Osafjellsvegen no dekt av eit tynt snø-/islag.. og det frista derfor lite å gå til fots den fyrste timen for så å ta skiene fatt.
Køyrde derfor tilbake over Ulvikahøgda, litt skuffa over at det ikkje vart noko tur på Osafjellet.. men tok ein fin liten pause ved Stokkavatnet der ein svanefamilie på 6 såg ut til å storkose seg i sola.
-
Føret i fjellet er no heilt på topp. Det vart ein kveldstur frå Tillung til Gråsidetoppen (1307m) på Voss. Litt avblåst dei 100 øverste høgdemetrene, men perfekte forhold dei (nesten) 900 høgdemetrene vidare ned mot Tillung. Flott utsikt frå toppen mot Vossabygda som bada i sol frå blå himmel!


23.03.2014 (Hamre)

Ein fin tur i fjorden ut til Hamre og tilbake.


21.03.2014 (Olastøl)

Kort tur frå Havås til "utsiktspunktet" mot Olastøl. Gjekk i tung, våt nysjno som målte nærmare 70-80cm på det meste. Veldig varierande vær.. alt frå sol og "påskevarme" til vind og haglbyger, men uansett godt med litt avveksling frå jobbdag framfor PCen.


18.03.2014 (Granvinsfjorden)

Hadde plan om ein kort ettermiddagstur i Granvinsfjorden, men etter å padla ein halvtime i lett motvind vart det etterkvart fullstendig blikkstille på fjorden og nydeleg padlevær. Fortsatte derfor til Kvanndal, kryssa over til andre sida og padla sørsida av fjorden tilbake.
Vinteren er eit fin tid å padle på, og med tørrdrakt trengst det kun ei ulltrøye under for å holde varmen.
Nyttig info om vinterpadling aleine: http://www.padlesiden.no/artikler/heilarspadling-aleine/

Det er sjelden langt mellom stader å fylle på vatn:


17.03.2014 (Nonfjell)

Tur rett etter jobb til Stokksel og vidare til Nonfjell for å sjekke snøforholdene. Oppimot 40 cm tung nysnø, så føret var alt anna enn lett og bra å gå i, kanskje spesielt for den firbeinte..:

 


12.03.2014 (Hamre - Naustflot)

Kveldstur frå Hamre til Naustflot (rett før Tjoflot). Padla på litt ekstra og klarte såvidt å nå att sola ved Naustflot før ho gjekk ned og sakte fargela himmelen rosa/raud! Flott fullmåneskin som fulgte rett over fjellet (Oksen) på turen tilbake.

Rett utanfor "Teigen" (på sørsida av fjorden) velta to niser seg nokre gonger i sjøen, samme plass - både på turen fram og tilbake.. men forsvant desverre lenge før eg fekk henta fram kamera.

Videoklipp: 


10.03.2014 (Bavallen - Lønahorgi)

Ettermiddagstur frå Bavallen, opp utforløypa og til Lønahorgi. Vindfullt på veg opp, men bedre vindforhold og vakker solnedgang på turen nedatt. Ikkje spesielt bra føre, isete og avblåst.


08.03.2014


05.03.2014 (Osafjellsvegen)

Etter jobbdag i Ulvik vart det tid til ein sykkeltur frå Osa og opp Osafjellsvegen, fram til der snøgrensa starta på omlag 700 moh. Kom meg over nokre mindre snøfonner og fortsatte eit stykke vidare, heilt til det vart fór mykje snø. Om ein skulle ha fortsatt vidare måtte det ha blitt på ski..
Fin temperatur og ikkje eit vindpust på turen opp!


Liaset - Sauanuten

Ettermiddagstur frå Liaset til Sauanuten. Stort sett jamn og fin skare heile vegen opp.


02.03.2014

Sykkelsesongen er i gang!
Herlig lukt av vår i lufta på veg opp mot Velken, og tørre fine grusvegar heilt fram til rett ovanfor Almenningsbrekkene (ved Haugseåsen, på ca 450moh.). Sykla over mot Heiane og ned Tveitovegen.


Stokksel - Oksen

Stokksel - Oksen - Ingebjørgfjellet

[tekst]

Sporlogg