Februar 2014

27.02.2014

Ettermiddagstur til Stavaskar med Jo Bjørnar. Hadde frykta at mykje av snjoen hadde forsvunne no, etter ei veke med mildvær og vind, men frå Olastøl og vidare var forholdene betre enn forventa. Det hadde faktisk lagt seg nokre cm med nysnjo opp mot Stavaskarsnuten.
Me måtte snu litt før toppen pga sterk vind.


21.02.2014

Planen var at  eg og Tomasz skulle gå til Oksen frå Stokksel, men pga tilskyande vær med regn og vind var det ikkje forsvarleg, med total whiteout i periodar. Likevel var me heldig å få bra sikt på veg ned att mot Stokksel.


Ingebjørgfjellet, Midtfjell, Stokkseldalen

Når både YR og Storm melder sol og vindstille skal det mykje til for at det slår feil. Likevel starta dagen med eit lett skylag mot sør, og forholdsvis tunge skydotter hengande over Ingebjørgfjellet og Oksen.
Når eg kom igang frå Stokksel i 10-tida hadde det allereie begynt å klarne opp.. og til min store overraskelse var det i løpet av natta komme eit fjørlett lag med 5-10cm med nysnjo. Når ein har hatt vind, skodde, flatt ljos osv i nærmare to månader i strekk, og plutselig får slike forhold er det nesten ikkje til å tru.

Kort oppsummert;  Turen gjekk først til Ingebjørgfjellet, nedatt ryggen av fjellet mot Dalsete (Stokkseldalen) og så vidare oppatt til Midtfjell. Nedkøyringa mot Stokksel frå Midtfjell er ein favoritt.. spesielt den siste halvdelen ned toppen, som fyrst går inn i ei lang slak "renne" og så åpner seg ned mot Stokkseldalen. Når nysnjoen er så lett og fin som no treng ein ikkje bratte heng for å få god flyt, og då er denne turen midt i blinken. I dag var det vindstille på toppane og klar, flott utsikt i alle retningar.




16.02.2014

I dag fekk me fekk oss ein kort formiddagstur opp mot Strutseggi. Det hadde komme 5-10cm med nysnjo, så føret var flott og været gjekk frå "grått" til oppholdsvær og gløtt av sol!
.. Og med 6-7 plussgrader, vindstille og vårstemning i lufta måtte kajakken fram att i ettermiddag

 

[bilder kjem]


14.02.2014

Når det er fullmånekveld og i tillegg er komme litt nysnjo tidlegare på dagen, er det ein ekstra god grunn for å komme seg ut!
Utstyrt med to hodelykter (ei enkel lykt med god batterikapasitet på veg opp, og ei ekstra kraftig lykt til bruk nedatt) tok eg turen frå Stokksel til Ingebjørgfjellet.
Skinet frå månen lyste svakt opp landskapet, og då var det ikkje spesielt vanskelig å motivere seg til å gå heile vegen til topps. Som venta var det ganske isete heilt øverst og eit stykke ned mot Nonfjell, men nedkøyringa vidare var rett og slett fantastisk bra! Med ei kraftig hovudlykt som gav 50 meter god og klar sikt var det berre å gje på.

Videoklipp (desverre litt dårlig kvalitet på klippet.. månen kjem så  vidt til syne i slutten av filmen): https://vimeo.com/86785034


14.02.2014

Tur frå Liaset/Olavstøl til Olavstølnuten.
Lett snødrev og vindstille nesten heile turen opp. Ca 200 høgdemeter frå toppen vart det så flatt ljos (óg tett snødrev) at det var vanskelig å sjå om det gjekk opp eller ned. Litt isete på toppen, men ellers nokre cm med fin-fin nysnjo, og flott "slushføre" nederst.
Det nærmar seg vinterferie no, men føre og temperatur minner meir om påske..! (I dag kunne ein gå heilt til topps uten votter og lue)


13.02.2014

Ikkje spesielt fint føre innover løypa mot Solsæ i kveld, men eit vakkert skin frå månen som glimtvis kom igjennom skyene gjorde det til ein flott tur!


08.02.2014

Tur frå Ljosno (Brandsetdalen) til Storanosi i flotte pudderforhold.
Værgudene overraska i dag med nysnjo, gløtt av sol, plussgrader og vindstille forhold!


05.02.2014

Ein ny ettermiddagstur til Olavstølnuten, i håp om like flotte forhold som sist. Men i motsetning til på mandag, då føret var kjempeflott, hadde vinden no fjerna det meste av nysnjoen, og det var blitt veldig skarete/isete. Det var så glatt enkelte stader at hunden vegra seg litt med å gå ned att.


03.02.2014 - Strutseggi

Ein flott og vindstille ettermiddagstur til Strutseggi frå Liaset. Starta 15:30 og fekk såvidt litt gløtt av sol frå toppen i 17-tida. Ganske avblåst og hardt heilt øverst, men ellers maksimale forhold (med 5cm nysnjo) heile vegen nedatt.


01.02.2014