Juli 2013

31.07.2013

Tur frå Lappsteinen(Fagerheim), Heinseter og vidare til Seltjønnslæger. Smale stiar med ei mengde steinar i alle mulige størrelsar og fasongar (som over det meste på Hardangervidda).

Sprorlogg

 


29.07.2013

Kveldstur til Vatnaset (viaTveito, Haugseåsen og Litastøl), med flott solnedgang nedatt frå Velken. Lett regnvær fyrste timen, og svært høg luftfuktigheit og trykkande varme. Forholdsvis mykje moltekart å sjå, skulle berre ynskje dei snart var modne...


26.07.2013


25.07.2013

Sykkeltur over Espelandsdalen til Solsæ over Gårhovden og ned lia mot Ljono og Ulvik. Tilbake via Byrse og gamlevegen over Angerskleiv. Det var eit avkjølande bad i Vatnasetvatnet (omlag 20 grader i vatnet) før turen vidare gjekk til Tveito og rundt Granvinsvatnet.


24.07.2013


23.07.2013


21.07.2013


20.07.2013


19.07.2013


16.07.2013 - Prestholtskarvet (Hallingskarvet)

Tur frå Prestholtseter og vidare opp dei 2000 trappetrinnene som fører til skaret, deretter vidare vestover mot Hallingskarvet på 1859 moh. Dei nye steintreppene har gjort stigninga opp mykje lettare. Eit imponerande steinarbeid vart utført, med god eksperthjelp av sherpaer frå Nepal, sommaren 2011 og 2012. 

Sporlogg


12.07.2013


Rallarvegen (Haugastøl - Flåm)

Tur frå Haugastøl til Flåm i nydeleg vær med sol frå skyfri himmel!

Tre mindre snøfenner som måtte kryssast frå Finse og fram til det høgaste punktet på ruta, Fagervatn (1343m), men ein del fleire vidare ned mot Hallingskeid. Forholdsvis lite syklistar å sjå i fjellet tatt i betraktning det flotte sommarværet.

Sporlogg

Bilder frå tur i 2012: Haugastøl til Voss (via Mjølfjell): http://www.kjartanhaugen.com/foto-blogg/172-rallarvegen-fra-haugastol-til-voss


08.07.2013


06.07.2013 - Langavatnet(Langvatnet), Osafjellet


05.07.2013