Blikkstille sjø utover Granvinsfjorden og vidare mot Kvanndal i dag. Flott tur i lettskya opphaldsvær. Vart kun forstyrra av nokre nærgåande måser, og så helikoptertrafikken som sikkert kryssa fjorden (og mastene) 20-30 gonger i løpet av den 4 timar lange turen.
Sidan sjøen var stille og blank lot det seg gjere å få tatt nokre fuglebilete frå kajakken på turen tilbake.
På veg ut Granvinsfjorden
I retning mot Kvanndal, med ferja "Hardingen" som kryssar fjorden.
Måse fotografert frå kajakk på ca 20 meters hald
På ca 10 meters hald vel måsen å flykte pga kamerabevegelsane..
Helikoptertraffik over fjorden på ein Skjærtorsdag..