2013

30.12.2013

Nypreparerte, gode løyper dei sju kilometrane inn til stølane ved Solsæ. Med kraftig hovudlykt som gir 40-50m god lysstyrke er det flott å suse innover på ski i den smale og lett kuperte løypa, spesielt når forholda er såpass bra som i kveld; vindstille, opphaldsvær og 5 plussgrader!


29.12.2013


26.12.2013

Vindstille, 6 plussgrader og snøen så råtten at det ikkje var mulig å gå utenfor det oppkjøyrde sporet inn mot Solsæ. Flott ettermiddagssol over Vetle Vassfjøro og Vassfjellet, med nysnjo over700-800m.





23.12.2013


20.12.2013


19.12.2013

Reiste frå øsande regnvær til full vinter og etter forholdene bra med snø på Ulvikahøgda!
I kveld vart det hovudlykttur på ski med hunden, frå Drevtjørn og inn til Solsæstølane, i nypreparerte og flotte "urørte" skøyteløyper. Tett snøvær og sludd fyrste halvtimen, men gradvis letta det, og på turen tilbake dukka månen fram og ga eit vakkert svakt lys over fjellene som omkransar austsida av Solsævatnet.


18.12.2013


15.12.2013 - Olastøl


14.12.2013 - Bjørndalskamben

Tur med DNT Fjellsport Voss til Bjørndalskamben (1402m)

Sporlogg


13.12.2013


08.12.2013



07.12.2013 - Myrkdalen, Reppane, Bjørndalskamben

Årets til no flottaste vinterdag, med 40-50 cm lett nysnjo og tilnærma vindstille på Bjørndalskamben. Det tynne skoddelaget ga eit fantastisk flott ljos i det sola var på veg ned bak fjellet.
[sporlogg]


06.12.2013


04.12.2013

10-15cm med lett nysnjo og flott føre innover Skaftedal til Skykkjeset og vidare mot vesle Honndalsnuten i ettermiddag! Vekslande sikt og periodar med tett snødrev, men fin "skogskøyring" i laussnjo nedatt.


29.11.2013 - Veleta (Sierra Nevada)

Dagstur frå Malaga til Pradollano (Sierra Nevada) og vidare til fots til Veleta 3398 moh. Skyfri himmel, tilnærma vindstille og ein storslagen utsikt over "Sierra Nevada"-fjellkjeden. Valgte å gå "normalruta" (europast høgaste asfalterte veg) ned att til utgangspunktet. Det blei ein flott kveld med solnedgang som gradvis farga himmelen raud/oransje.

Sporlogg


25.11.2013


24.11.2013

Tur til Stavaskarsnuten frå Liaset.
Sterk vind og veldig avblåst mot toppen, men nok snø til å dekke over det mest av bergknauser og steiner. Sola klart aldri heilt å bryte gjennom skylaget, og skodda kom og gjekk. Kjempeflotte snøforhold frå Stavaskaret og heilt ned.

Sporlogg


23.11.2013

Fin tur til Finnbunuten (1358moh.) frå Sende (Vikafjellet), lett snøvær og stort sett flotte snøforhold, men avblåst på toppane. Til tider null sikt dei siste 200-300 høgdemeterane mot toppen.

Noko av det fine med å ha med seg hunden når det er dårlig sikt og flatt ljos som i dag, er at ein slepp å nistirre på GPSen på veg nedatt - hunden følger eksakt samme ruta, sjølv når sporet er gjennblåst!

På veg nedatt (på ein av fortoppane) møtte me på ei gruppe på fire som hadde valgt å snu og som me tok følge med ned. Overaskande bra pudderføre så lenge ein unngår dei mest avblåste stadene!

Sporlogg


20.11.2013

Ettermiddagstur med hunden til Finnbunuten på Vikafjellet. Gjekk kortaste ruta (nordøst for toppen) frå Sende. Avblåst og hardt!

Sporlogg


17.11.2013

Tur til Njuk frå Såkvitno.
Uværet og mildværet dei siste dagane har smelta vekk store deler av snøen som var, og stien den siste kilometeren mot Njuk var omgjort til ein bekk fleire stader. Desverre har det forsvunne mykje snø også på dei høgaste toppane, og sålen under er stort sett vekke.

Videoklipp

Sporlogg


13.11.2013

Sesongens fyrste skitur. Starta frå Skaftedal og gjekk innover til Skykkjeset. 30-40cm tung og kram snjo i starten, men og litt bedre snø frå 700 moh. Planen var å gå vidare til Horndalsnuten, men det hadde nok  blitt i tyngste laget for hunden med tanke på all snøen som festa seg i pelsen.

Sporlogg

Videoklipp


10.11.2013

Nydeleg morgon, eit par minusgrader og tilnærma skyfritt.


08.11.2013

Trugetur til Vatnasete og vidare til Angerskleiv. Snøen er for tida våt og sleip, men med smale truger m/pigger går det greit å komme seg fram i terrenget. Reiste frå øsende regnvær heime til snø i fjellet. 
Video


06.11.2013

Ettermiddagstur til Stavaskarsnuten for å oppsøke litt sol og snø før det (så altfor tidlig) mørkner. Truger hadde nok vore tingen i dag, sidan snøen var våt og tung, og målte over ein halv meter enkelte stader..


05.11.2013

Fredeleg tur i fjorden, mellom Hamre og Folkedal. Blikkstille sjø!


30.10.2013

Tur til Stavaskar, Strutseggi, Olavsstølnuten og nedatt mot Jonene. Lett snødrev og tett skodde på veg opp Strutseggi, før det plutselig snudde, sola viste seg og skoddelaget forsvant. Flott klar utsikt nordover mot heile Raundalsyggen!

Bilder frå vintertur i samme område i mars i år: 
http://kjartanhaugen.com/component/igallery/11-03-2013-strugseggi-reinsgronut