↑690m 16kmSein ettermiddagstur til Vatnaset og Angerskleiv. Vindstille, sol og varmt på veg opp, så trudde eg hadde tima turen bra mtp været, men så kom det ei lokal snø-/haglbyge på toppen, og høljeregn og vind på sykkelturen nedatt.. så det vart ein heller kald og våt opplevelse..
↑1950m 102kmFlåm-Finse (t/r)
Kanskje den aller finaste tida å sykle Rallarvegen; hausten har virkelig tatt av i høgfjellet no. Møtte overraskande nok kun ein sykkelist på heile turen.
Intense haustfargar opp Myrdalssvingane
↑390m 13kmJoggerunde i kveldssol og flotte haustfargar, frå Heiane til Angerskleiv og tilbake om Haugseåsen.
↑1390m 17kmRute: Selstad-Oksen-Veten-Tjoflot
Gjekk til Oksen(1241m) frå Selstad, kanskje den finaste, men likevel minst brukte ruta opp. Lang pause på toppen, så ned til Tjoflot med Robert og Steinar som møtte meg frå andre sida.
Vanskelig å bli lei denne utsikten frå toppen
↑870m 14km+16kmOpp stien til Njuk og til Krokavatnet og Bulko, så tilbake på sykkel ned Bulkovegen og gjennom gamle jernbanetunnelen til Såkvitno.
↑920m 14kmRute: Haugseåsen-Hedler-Velkesfjellet-Kvasshovden-Vatnaset
Flott kveldstur og rundtur! Gjekk over Velkesfjellet til Kvasshovden og så stien tilbake til Vatnaset (som går langsmed fjellrekka/Velkesfjellet). Eit idyllisk område med utallige små fjellvatn langs stien.
Kveldssol over Kvasshovden og Vassfjøro
Hardangerfjorden i det fjerne
Vatnasete
↑900m 12kmFrå Liaset til Geituri og vidare til Kvasshovden(1065m). Lang og god pause på toppen i det som minna meir om sommarvarme enn typisk haustvær.
↑890m 12kmIngebjørgfjellet(1210m) frå Stokksel
Haustklar luft, vindstille og varmt!
Posering framfor Midtfjell!
↑1720m 42kmTrolltunga frå Tyssedal
Starta forholdsvis seint i dag for å sleppe å gå i kø opp mot toppen. Parkerte ved Tyssedal og sykla den første mila til Skjeggedal og vidare til Mågelitopp (860m), så til fots i nysnø og flott vinterstemning!
Det er alltid ein opplevelse å gå Trolltunga.. turens høgdepunkt var å møte ei som kom gåande med to plastposar, solhatt og munnbind.. og tøysko.. i 20 cm dagsfersk, våt nysnø...
Klarte å snike meg til eit bilde utan nokon på Trolltunga..
Highway Trolltunga
800 asfalterte høgdemeter nedatt til Tyssedal.. nesten uten å trø
↑690m 50kmGomobu - Sanderstølen (Golsfjellet)
Iskald nordavind, så korta inn ruta litt og sykla mest på grusveg. Flotte haustfargar i høgfjellet, og nysnø på toppane.
↑640m Stisykling på kryss og tvers like nord for Gol sentrum
↑220m 16km Stisykling i Bømoen. Vått!
↑230m 11kmTo joggerundar i stien ovanfor Holven. Sol på fyrste runden og høljeregn på siste.
↑700m 13kmNjuk. Opp skogsvegen og nedatt stien.
Gløtt av sol på Njuk!
↑550m 10kmStitirsdag ("Stirsdag") med joggetur frå Gjernes til Rosethytta
Frå Rosethytta Foto:Tor-Einar
↑1650m 29kmHardanger fjellsti+Dronningstien
Sein ettermiddags-/kveldstur. Starta med å gå opp "Hardanger fjellsti" i Lofthus der sherpaer var i full gang med bygging av steintrepper opp til Stuvasete. Fortsatte vidare på Dronningstien over til Røte (Kinsarvik). Flott kveldshimmel då sola dukka opp omtrent halvvegs på turen. Avslutta med å sykle tilbake til Lofthus der bilen stod parkert. Møtte faktisk ingen på turen... hverken turistar eller dronninga sjølv..
mobilfoto:
Ny sherpasti opp frå Lofthus
13km Onen 1621m
Varm og flott haustdag! På veg opp mot Onen holdt me oss litt nord for toppen og gjekk i relativt krevande og kupert terreng, så nedatt langs brearmen (eller det vesle som er att av den) og rundt Kvilingavatnet.
Svartebotnen og Døgrdalsvatnet
Frå Onen med Hardangerjøkulen i bakgrunnen
På veg ned brearmen mot Kvilingavatnet og Langavatnet
↑800m 12km Flott tur over Nesheimshorgi til Njuk, langs kanten av fjellet, med utsikt rett ned mot Granvinsvatnet. Rute: Håtjørn-Nesheimshorgi-Horganipen-Njuk-Såkvitno.
↑790m 12km Opp til Seljenuten og Middagsnuten, så nedatt den bratte stien frå Nuten til Hamre.
↑1010m 15km Olsskavlen (1576m) frå Olastøl og sesongens fyrste hovelykttur. Lang og flott solnedgang på turen nedatt frå toppen!
Olavsbu med Hardangerfjorden til venstre i bildet
frå Olavsbu
Heile den store snøfonna på toppen har smelta vekk
↑970m 14km Kveldstur til Midtfjell (1255m) frå Stokksel. Antydning til haustfargar i fjellet!
↑620m 11km Såkvitno - Njuk. Opp skogsvegen og nedatt stien