Planen vår var å ta ein kveldstur etter jobb til Midtfjell. Ifølge YR og Storm var det meldt klarvær utover kvelden, men meldingane slo feil.. og det vart dårlig med solnedgang og halvmåneskin. Me snudde derfor omlag 200 høgdemeter før toppen. Fullstendig vindstille og varmt i lufta på turen neddatt.. faktisk såpass at me måtte av med jakka siste timen.. kl 21 på kvelden.
Kveldstur til Velkesfjellet. Flott ljos i det sola braut gjennom skydekket!
Kveldsstur/Hodelykttur til Ingebjørgfjellet
Flott kveldstur til Ingebjørgfjellet, og haustens fyrste hodelykttur. Omtrent akkurat i det me passerte Nonfjellhytta kom sola fram, og det veksla mellom vakre raude, oransje, lilla og rosa skyer i det sola gjekk ned.
Hardangerfjorden
Utsikt mot Sørfjorden frå Ingebjørgfjellet
19.09.2014 | Bulko - Njuk
Tur i flotte haustfargar, frå Bulko til Krokavatnet, Vatnadalane, og over til Njuk. Tok og turen ut til eit av dei flottaste utsiktspunkt over Øvre Granvin, som ligg ca 20min. gange sør for Njuk.
Lyklaset
Krokavatnet
Krokavatnet
Øvre Granvin (panorama)
Seim camping
Øvre Vassenden
Nesheim
18.09.2014 | Kajakk, Granvinsfjorden
Padla Granvinsfjorden til Folkedal og vidare til Naustflot (i enden av fjorden). Eit par selskapssjuke Stokkender fulgte etter kajakken ved Folkedal. Padla sørsida av fjorden tilbake, og fekk dermed sol på nesten heile turen.
17.09.2014 | Djupevik - Oksetjerni
Kveldstur til Oksetjerni frå Djupevik (Granvin). Kom tett på ein Kongeørn som ei stund sirkulerte "rett over" hovudet på meg og hunden, før den sakte forsvant høgt opp i det blå... kun på oppadstigende varmluft.. uten bruk av eit eineste vingeslag. Eit flott syn!
Oksetjerni
Utsikt mot Hardangerbrua og Eidfjorden sett frå Oksetjerni
16.09.2014 Sygnestveit, Osafjorden
Kajakktur utover i Osafjorden og til Sygnestveit. Like varmt som på kveldsturane eg hadde i sommar.. og blikkstille i fjorden!
Sygnestveit
15.09.2014 | Kajakk, Granvinsfjorden
Etter ein lang pause med kajakk var det ekstra godt å komme seg ein tur ut i fjorden. Padla ut til Hamre og Folkedal i varm kveldssol og blikkstille sjø.
Hamre
14.09.2014 | Midtfjell
Sommaren er på retur..
Tur til Midtfjell frå Stoksel i sol frå skyfri himmel. Fortsatt søte, store og gode blåbær å finne enkelte stader, over 2 1/2 mnd etter eg plukka dei første, i slutten av juni.. og med litt for lite medbrakt niste var det kjærkomment med ein bærpause.
Øvre Granvin sett frå parti mellom Midtfjell og Grimsnuten
Midtfjell i det fjerne..
12.09.2014 | Ingebjørgfjellet
Ettermiddagstur frå Stoksel og opp den fine stien til Ingebjørgfjellet. Flotte haustfargar, shortsvær og sommarvarme.. og tilnærma vindstille på toppen!
Såg to rypeflokkar på 8-10 ryper ovanfor Nonfjell.
09.09.2014 - 10.09.2014 | Kveldstur, Horganipen/Nesheimshorgi
Kveldstur til Horganipen i flott fullmåneskin.
Satt opp telt på toppen og gjekk vidare til Nesheimshorgi rett før sola gjekk ned. Overraskande stille på toppen av Horganipen og vakker soloppgang ca kl 07 på morgonen.
Sola skjuler seg bak skyene
Soloppgang sett frå Horganipen
Fin start på dagen
05.09.2014 | Fannaråken
Tur med hunden frå Turtagrø til Fannaråken, nord-Europas høgastliggjande turisthytte.
Flott panoramautsikt over Skagastølsryggen og dei andre Jotunheimfjella!
Fjellrype
Fannaråken og Fannaråkhytta med Skagastølsryggen i bakgkrunnen (panorama)
Fannaråken og Fannaråkhytta
Helgedalen
04.09.2014 | Vatnasete, Fuglevassdalen
Tur til Vatnasete, Fuglevassdalen, Maovatnet og tilbake til Haugseåsen. Varmt, stille og fint i kveldssola!
Vatnasetvatnet
Maovatnet
Dalsete, Ingebjørgfjellet
Ettermiddagstur til Ingebjørgfjellet og vidare via Dalsete til Stokksel. Haustfargane har såvidt begynt å komme.