Kveldstur til Midtfjell (1255m)
Fulgte nymerka rute opp til toppen. Nydeleg solnedgang og flotte haustfargar.
Oksen(1241m)+Veten frå Hamre
Ettermiddags-/kveldstur til Oksen og Veten. Shortstemperatur og mild bris i lufta. Med utlada mobil og uventa svakt ljos frå hovelykta vart det i overkant spennande å komme seg nedatt i mørket... såg såvidt konturane av stien frå Seljenuten til Hamre.
↑1220m 29,5km Fyrst på sykkel til Angerskleiv så vidare til fots til Kvasshovden (1065m). Tilbake om "utsikstpunktet" og Haugse. Kjempefin rundtur!
Bavallen - Lønahorgi (snudde rett før toppen).
↑1620m 78km Rallarvegen i flotte haustfargar, frå Kårdal (i Flåm) til Finse og tilbake.
↑670m 24km Over gamle postvegen frå Granvin til Ulvik.
Mink i vegkanten
Telt- og fisketur til Vatnadalane og Høgahorgi
Njuk med Raundalsryggen i bakgrunnen
Fisketur med fjellaure-middag nokon timar seinare.
Kveldstur til Oksen (1241m) frå Hamre
Frå Hamre og bratt opp via Nuten til Oksen (1241m). Nedatt via Seljeuten. Rakk akkurat siste 10 minuttene av solnedgangen frå toppen. To rypeflokker flaksa opp rett framfor meg på veg opp, den fyrste på godt over 20 stk.
Smakfulle store blåbær
Hausten er no på sitt flottaste
Hekta på fjellfiske...
Mange timar med slukfiske frå land, noko som resulterte i 10 fine halvkilos fjellaure (og 10 iskalde fingrar..)
Ettermiddagsfiske. Litt meir vind, litt bedre fiskevær og langt bedre fangst enn i går.
Slukfiske i blikkstille fjellvatn og høg lufttemperatur er sjelden ein god kombinasjon, men etter to timar utan eit napp beit det plutselig på to fine halvkilos fjellaure og dermed var middagen sikra.
↑610m 20km tur-retur Angerskleiv og fyrste turen i regn på fleire månader.
↑920m 51km Rute: Lærdal - Vindhellavegen - Eråksdalen - Maristova.
Flott sykkeltur på historiske vegar og stiar mellom Lærdal og Maristova, med diverse avstikkarar undervegs.
↑870m 42km Opp til Velken og nedatt på "nyoppdaga", artig sti til Espelandsvegen og vidare til Espelandsvatnet. Så over Fletena til Holven og opp Tveitovegen på returen.
↑1100m 23km
Gråsida
Rute: Hodnaberg - Torfinnsheim - Timaglaset - Nansenbu - Gråsidetoppen - HjelleFlott tur over Gråsida, frå Hodnaberg til Hjelle.
Raundalsryggen
Ettermiddags-/kveldstur over Raundalsryggen frå Skaftedal til Olavstøl.
Horndalsnuten
Skipadalsnuten med Horndalsnuten i bakgrunnen
Solnedgang over Lønahorgi sett frå Olsskavlen