Stokksel-Ingebjørgfjellet
Flott tur i 5-10cm nysnø opp til Ingebjørgfjellet. Rett før Nonfjell fekk me sett rundt 10 reinsdyr som stod fint lina opp like ved stien!
Holmaskjerbu (Folgefonna)
Kveldstur til Holmaskjerbu frå Odda. Kom opp til ein fantastisk solnedgang over Folgefonna. Nedatt dagen etter i solskin, klar luft og ikkje eit vindpust. Sporlogg
Horndalsnuten frå Skaftedal
Flott rundtur frå Skaftedal til Horndalsnuten. Nedatt om Modalsvatnet og Dalset. Frosne myrer og tørre stiar inn mot Skykkjeset. Sola (og varmen) kom omsider fram i det me nådde toppen!
Bjotveit - Bjotveitdalen - Vatnasetevatnet
Gjekk opp Bjotveitdalen og overnatta i telt på austsida av Vatnasetevatnet, rett ved majestetiske Storeflåtten.
Gråsidetoppen frå Gjelle
Knusktørre stiar over tregrensa. Varmt og vindstille til og med på toppen.
Velkesfjellet
Ettermiddagstur til Velkesfjellet med Jarle. Kald vind på toppen.
Een-Klondyke-Lønahorgi
Kom på toppen akkurat i det sola gjekk ned bak fjellene og månen kom til syne. Måtte på med hodelykta nedatt frå Klondyke.
Oksen
Starta frå Tjoflot og fulgte Kvernabekken opp mot toppen. Nedatt "normalruta". Hausten er på sitt vakraste no! Svært varmt i sola på toppen.
Espelandsfossen-Olsskavlen-Olastøl-Liaset
Lang og flott kveldstur. Starta frå Espelandsfossen og gjekk til Trollavatnet og vidare til Olsskavlen. Var på toppen ein halvtime før solnedgang. Skinet frå månen, solnedgangen og hodelykta lyste opp stien på turen nedatt mot Olastøl/Liaset.
Kvilingavatnet-Onen
Sesongens fyrste skitur. To nedkøyringar frå Onen mot Kvilingavatnet, der det går ein brearm heilt frå toppen og ned til vatnet.
Selstad-Oksen-Hamre
Flott tur til Oksen. Tørre stiar heile vegen og mesteparten av snøen som kom i forrige veke har stort sett smelta vekk heilt til topps.

Mobilfoto:
Olsskavlen (telttur)
Overnatta i telt rett ved varden på Olsskavlen 1576m. Våkna til ein fantastisk flott soloppgang og fullstendig vindstille på toppen.
Selstad-Oksen-Seljenuten-Hamre
Skyfri himmel, nysnø på toppen og varmt i sola. Flott dag!