30.10.2014 | Ingebjørgfjellet, Nonfjell
Fekk prøvd piggskoene i kveld, og dei satt som limt til det sleipe og glatte føre over snøgrensa (omtrent ved Nonfjell). Fin kveldsstemning frå toppen av fjellet, vindstille og mildt.
Turen til Ingebjørgfjellet er kanskje ein av dei lettast tilgjengelige fjelltoppane med flott fjordutsikt i Granvin. Totalt 11km (tur/retur) og 800 høgdemeter stigning frå Stokksel.
29.10.2014 | Nesheimshorgi
Sesongens første snø har komme! Nysnø frå 600moh, og gløtt av sol og blå himmel.
24.10.2014 | Vallevik, Ringøy, Djønno
Kajakktur frå Vallevik, over til Ringøy og Djønno. Var heldig og fekk opphaldsvær og vindstille dei 4 timane eg padla i fjorden. Minutter etter at eg hadde fått kajakken på bilen kom det ei voldsom regnbyge..
17.10.2014
Svært vekslande vindforhold i Gransvinfjorden i ettermiddag/kveld, med flott solnedgang då me nærma oss Kvanndal.
14.10.2014
Me tok turen frå Eenstunet, opp Klondyke og nedatt til Tråstølen der bilen stod. Kom akkurat til toppen(1091moh.) i det sola gjekk ned.
12.10.2014
Kort kveldstur til Nonfjell
10.10.2014
Tur til Dalsete og opp til Midtfjell via Disk. Bilete er tatt berre minutter før skodda kom sigandes tjukk innover..
08.10.2014
Fullmåneskin over Granvinsvatnet
06.10.2014 - Måneskin

03.10.2014
Ein mildt sagt vindfull ettermiddagstur til Ingebjørgfjellet! Sammenhengende motvind frå Nonfjellhytta.. så turen føltes dobbelt så lang som den pleier. Godt å iblant kjenne på vindkreftene når dei herjar i fjellet..
02.10.2014
Kveldstur frå Hamre til Tjoflot. Blikkstille i fjorden.