↑1080m 17,5km
Onen (1620m)
Starta grytidleg, i flott soloppgang og fullmåneskin, og fekk utnytta finværet som var meldt i formiddagstimane. Relativt god snøsåle frå parkeringa (ca 950moh) og heilt til topps, med nokre cm med nysnø oppå skaren.
Kveldstur og trugetur til Ingebjørgnuten (1210m).
20cm nysnø og perfekte snøforhold for smale og lette truger.
Stirunde Haugseåsen-Vatnasete-Snaueggi-Maovatnet-Heiane-Haugseåsen
Frå Snaueggi mot Maovatnet og Nesheimshorgi
Utsikt mot Maovatnet og Nesheimshorgi | Foto: Audun
↑510m 16km T/r Litlastøl
Tur til Tingsteinen frå Skaftedalen. Me tok oss og tid til å rydde vekk litt greiner og busker i traseen (som forhåpentligvis kan tas i bruk med ski på beina i vinter).
Midtfjell (1255m)
Fine kontrastar med haustfargar ved fjorden og nysnø på toppane. Vinteren rykker stadig litt nærmare!
Kvasshovden (1030m) frå Espelandsdalen
Fin tur via Geiturdi til Kvasshovden, men ei lokal kortvarig snøbyge på toppen gjorde til at utsikta vart minimal.
Vinterstemning på toppen
↑640m 26km Rundtur Vatnasete-Vetlavatnet-Tveito-Eide
↑510m 16km t/r Vatnasete i eit par timar med opphaldsvær. ↑1280m 10km
Oksen (1241m) frå Hamre
Flotte forhold med frosne myrer og tørre svaberg, og ikkje eit vindpust på toppen.
Ei sprekk i skylaget mot nord ga flott kveldshimmel på turen nedatt
Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen/Espelandsfossen
Gjekk opp Hestestodene til Brattenuten. Rett ved toppvarden letta det ein kongeørn. I over ein halvtime sirkulerte den over toppen, og var berre 50-100 meter ifrå meg på det nærmaste.
Jobykse - Tunheim (Ulvik)
Flott joggetur i låg ettermiddagssol. Rute: Vatnasete - Angerskleiv - Fuglavatnet - Vetlavatnet - Haugseåsen.
Frå Snaueggi med utsikt mot Maovatnet og Nesheimshorgi
Håsetekolla (1030m)
Rute: Alsåker-Aldal-Kumlevatnet-Håsete-Håsetekolla (1030m) - Alsåker
Desse to firbeinte "Alsåkringane" lot seg ikkje overtale til å bli med oss på tur i dag
Friskt fjellbad
Rundtur Vatnasete-Vetlavatnet-Haugseåsen.
Midtfjell (1255m)
Kveldstur til Midtfjell. Kom opp til den siste halvtimen av solnedgangen frå toppen, og kveldsljoset varte lenge nok til at eg kom meg nedatt uten å ta fram hovelykta. Ein flokk på 14 vinterkledde fjellryper og ein stor grå hare dukka opp rett før toppen!
Oksen (1241m) frå Hamre (via Seljenuten)
Ettermiddagstur i flott haustvær!
Ingebjørgnuten(1210m) frå Røynstrand
Kjepsostølen (Ålvik)
Starta frå Kjepso og gjekk opp "stegane" - den kortaste og brattaste vegen opp frå Kjepsogarden (250moh) til stølen, så nedatt den T-merka stien til Ålvik - med panoramautsikt over Hardangerfjorden. Også denne garden var i 2008 med på "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" (Turen opp stølsvegen blir vist frå 24:10 i sendinga, og trestigane er no bytta ut i meir robuste stiger i stål/aluminium)
Kjeåsen (Eidfjord)
Seinhausten er kanskje den aller finaste tida å gå denne turen, der stien no er dekka av eit tjukt teppe av haustlauv. I dag var det heller ingen turistar å sjå på denne ellers så populære turen, som mellom anna er kjent frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu: " https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2002/PRHO70000402/avspiller
Vassfjøro (1633m) frå Sotenos/Solsæ
Rute: Sotenos - Solsæ - Jonstøl - Vassfjøro (1633m) - Vetle Vassfjøro - Horgo - Jonstøl - Sotenos.Starta grytidleg i dag for å utnytte godværet som var meldt på formiddagen. Eit tynt skoddelag og kun korte gløtt med utsikt frå toppen, ellers perfekt haustvær, varmt og vindstille!
Tynt skoddelag over toppen
I tida før fyrste verdenskrig vart det dreve skiferbrudd innover mot Vetle Vassfjøro. Skiferen vart frakta med bane frå omlag 1200 meter under Vassfjøro og ned til Osa, men arbeidet vart lite lønsamt og drifta varte ikkje særleg lenge.
Horgo
Fortsatt smakfulle, store blåbær å finne i fjellet
Fin rundtur opp lia til Njuk, så vidare til Horganipen/Horgastien, Grostøl og Nesheim.
Kajakktur i Langavatnet på Osafjellet
↑670m 15km To stirundar Bilde - Nesheim.
↑270m 10km
Stirunde: Haugseåsen - Vetlavatnet - Maovatnet - Angerskleiv - Vatnasete.
↑1380m 13km
Oksen (1241m) / Veten frå Hamre
Gjekk opp via Seljenuten og ned den bratte stien frå Nuten til Hamre. Kraftig vind frå søraust og periodevis storm i kasta på toppen. Unormalt dårlig sikt dei fyrste timane av turen, noko som viste seg å være forårsaka avsvevestøv frå jordbruksområde i Aust-Europa
↑480m 4km Kveldstur i stien (gamle skulevegen) frå Bilde til Nesheim. Stort sett tørre, fine forhold!