Liaset-Strutseggi
Avblåst og isete mot toppen, så snudde litt før. Lenger nede låg det 10-15cm fin nysnø!
Liaset-Stavaskarsnuten
Knallhardt og isete, men bra med snø heile vegen opp og perfekt såle for snøen som er meldt dei neste dagane.


Hamre-Oksen
Ettermiddag-/kveldstur frå Hamre til Oksen. Stjerneklart og vakkert.


Ingebjørgfjellet (kveldstur)
Etter gårsdagens pudder- og silkeføre til Ingebjørgfjellet hadde me forhåpningar om det samme føret i kveld, men plussgrader og lett regnvær gjorde sitt til at me måtte ta til takke med slusjføre, litt mindre snø og eit par nye riper i skiene. Uansett ein flott tur!
Stokksel - Ingebjørgfjellet (kveldstur)
Fleire parti med flott silkeføre øvst og 40/50cm pudder nedanfor tregrensa!


Breidalen i Jordalen
Flott helg i vakre Breidalen (Jordalen)! Nysnø, pinnakjøtmiddag, skitur og nokre nye riper i skiene..


Stokksel-Nonfjell-Verkedalsnuten
40cm nysnø og veldig flotte forhold i Nonfjellsskogen. Avblåst mot toppen.
Liaset-Strutseggi
Sesongens fyrste pudder- og hovelykttur! Omlag 30-40cm med tørr nysnø.. og alt har komme i løpet av det siste døgnet. Flotte forhold!


Solsæ
Hodelykttur med fatbiken innover til Solsæ. Stjerneklart og iskaldt...
Hamre-Seljenuten

Onen, Osafjellet
Nok ein nydeleg vinterdag! I dag låg det strøken stålis på Kvilingavatnet, noko som korta inn lengda på turen opp. Det perfekte pudderføret tidlegare i veka hadde forsvunne fullstendig. Iskald vind oppover mot toppen, og heller ikkje spesielt mykje varme å hente frå sola. Likevel bra føre i "renna" på veg nedatt.
Vinden har bevart spora frå onsdagens tur..

Solsæ
Vinterens fyrste tur med fatbiken! Eit par cm med nysnjo innover til Solsæ.. og såpass kraftig medvind på turen tilbake at det knapt var nødvendig å trø..
Osafjellet, Onen
Ein dag som vanskeleg kan beskrivast med ord. 5-10cm fjørlett nysnjo låg uåpvirka av vind heile vegen frå Osafjellsvegen (frå ca 1000moh) og til toppen av Onen.