Nonfjell
Julekortstemning på veg til Nonfjell i ettermiddag. Snudde på ca 900moh. Minst 40cm tørr nysnø på turen opp mot Nonfjell.. og nye 10-15cm hadde lagt seg på bilen då eg var kommen tilbake eit par timar seinare..!
Olastøl
Gjekk til oppunder Strutseggi. Tett snødrev og litt skodde. Snudde pga ustabil snø.
Stavaskar, Stavaskarsnuten
"Uværskveldstur" til rett oppunder Stavaskarsnuten. Fulgte eit nyopptrakka spor nesten heile vegen opp, så turen gjekk lett. Fortsatte eit lite stykke vidare, men då gjekk regnet over til hagl og vinden økte i styrke... Snudde ca 100 høgdemeter før toppen. Det var eit par varmegrader då eg reiste heimifrå, så hadde eit lite håp om at snøen skulle være tørr høgare opp, men med regn og samme lufttemperatur heile vegen opp vart det desverre sugeføre deluxe. Kliss gjennomvåt då eg kom nedatt til bilen.
Olavstølnuten
Ny flott kveldstur til Olavstølnuten. Sporet mitt frå i går var nedsnødd, og det var tørr nysnø heilt ned mot bilen. Perfekt føre for 134mm breie ski! Gløtt av fullmåneskin.
Gløtt av fullmåneskin!
Olavstølnuten
Gjekk frå Olastøl til Olavstølnuten (1136m). Flott nedkøyring med 10-15cm tørr og fin nysnø nesten heilt ned. Sporlogg
Ingebjørgfjellet, Oksatjørni
Ny tur til Ingebjørgfjellet. Like flott føre som i går, men endå klarare og betre sikt frå toppen og utover fjorden. Prøvde meg eit stykke ned mot Oksatjørni, men snudde omlag halvvegs pga litt lite snø. Oppatt til Ingebjørgfjellet og nedkøyring til Stokksel.
Nonfjell mot Ingebjørgfjellet (gopro-foto)
Stokksel, Nonfjell, Ingebjørgfjellet
Tur til Ingebjørgfjellet med Jarle og Jo Bjørnar. Fyrste halvtimen gjekk me til fots og tok ikkje på oss skiene før me nærma oss Nonfjellshytta. Vidare på ujamn snø og hard skare. Men frå ca 7-800moh var føre overraskande bra, med rimfrost og eit 2-3cm djupt snølag oppå skaren. Fullstendig vindstille heilt til topps!
Myrkdalen, Finnbunuten
Ettermiddagstur til Finnbunuten frå Myrkdalen. Flott solnedgang og bra føre øverst.
Novemberljos
Finnbunuten
Stavaskar
Tur til Stavaskar med Margit Irene. Flott pudderføre over 800moh
Olavstølvegen, Stavaskar
Kjøyrde opp Olavstølvegen så langt eg kom og gjekk vidare til rett oppunder Stavaskarsnuten, der skodda låg tjukk vidare oppover. Omlag ein halv meter med snø frå ca 8-900moh. To flotte nedkøyringar mot Olastøl i fersk nysnø. På den siste nedkøyringa klarna det skikkelig opp.. og det vart flott skin frå halvmånen på veg nedatt mot bilen. Utruleg kjekt med sesongens fyrste skitur når forholda er så bra som no!
Siste nedkøyringa med hovelykt
Solsæ
Solsævatnet med Vassfjøro i bakgrunnen
Nautastien, Nesheimshorgi, Horgastien
Ettermiddagstur til Nesheimshorgi. Opp Nautastien, nedatt Horgastien. Oppimot 30-40cm med snø på det meste.. og meir enn forventa. Vinteren nærmar seg med stormskritt, bokstavelig talt.
Nesheimshorgi
10.11.2015
Kveldsjoggetur/hovelykttur frå Drevtjørn og inn grusvegen til Solsæstølane. Hadde stort sett oppholdsvær. Om ikkje lenge kan ein forhåpentligvis gå turen på ski: http://turogfoto.no/foto-blogg/572-31-01-2015
Horndalsnuten, Skaftedal
Gjekk frå Skaftedal og fram til siste oppstigninga før toppen av Horndalsnuten. Snudde ca 100 meter frå toppen pga tjukk skodde. Stort sett i våt sti og myr fyrste del av turen... som etterkvart gjekk over i nysnø frå 900-1000moh.
Nysnø på toppane
Voss sett frå parti opp mot Horndalsnuten
Skodda kjem sigande innover rett før toppen
Nonfjell
Ettermiddagstur til Nonfjell med Margit-Irene.
Hamre, Vindhovden, Oksen, Seljenuten
Utruleg varmt til å være i november.. med godt over 10-12 varmegrader og ikkje eit vindpust store deler av turen -kunne gå i kortarma ulltrøye heilt til toppen.. Starta frå Hamre og gjekk vidare på sti som ender opp ved Vindhovden og Tjoflotstølane. Vidare til Oksen, nedatt til Seljenuten og Hamre. Såg overraskande nok tre rypeflokkar rett før og etter toppen. Den største på godt over 20! Sporlogg
Den heilt nye "Utne"-ferja sett frå Bjørnbås
Utsikt frå Oksen mot Eidfjorden og Hardangerbrua
Dis over Sørfjorden
Olastøl - Olavstølnuten(Strutseggi), solnedgang
Gjekk frå Olastøl og vidare til Olavsølnuten (Strutseggi) 1129moh. Nydeleg solnedgang frå toppen.