29.11.2014 | Nonfjell / Ingebjørgfjellet (Trugetur)
Lang og flott trugetur til Nonfjell og vidare til Ingebjørgfjellet.
Ein flokk på seks vinterkvite ryper letta i skoggrensa. Flott solnedgang og "trollske" skyformasjoner utgjorde kulissane på turen nedatt.
28.11.2014 | Stavaskar
Eg, Margit-Irene og Desna tok turen til fots frå Olastøl og eit stykke i retning Stavaskartsnuten. Då det nærma seg ein halvmeter med skaresnø som akkurat ikkje holdt vart det håpløst å fortsette uten truger.
Ferskt revespor i snøen
Stavaskarsnuten i bakgrunnen
26.11.2014 | Nonfjell
Formiddagstur til Nonfjell.
Tørt og bart opp til Nonfjellshytta, og snø vidare opp mot Ingebjørgfjellet. Men med knekkebrødskare vidare oppover vart det for slitsomt å fortsette til toppen. Truger hadde nok vore tingen i dag, og med litt meir snø så kunne ein fint ha gått på ski frå ca 700moh!
22.11.2014 | Rasletinden 2105moh. (Valdresflya)
Sesongens fyrste topptur, litt under 6 mnd sidan forrige tur med ski på beina.
Rett og slett drømmeforhold på Valdresflya og Aust-Jotunheimen i dag, både vær- og føremessig. 10-12cm pudder og sol frå skyfri himmel! Ikkje heilt uventa var det veldig mange å sjå i dag, og truleg godt over hundre som gjekk turen til Rasletinden (2105m).
Folksomt utover formiddagen
19.11.2014 | Odden
Odden / Fagnastøl
18.11.2014 | Olastøl - Stavaskarsnuten
Drog avgårde rett etter jobb til Olastøl, der eg parkerte bilen, og gjekk vidare til Stavaskarsnuten i håp om nå i sola. I det eg nærma meg toppen kom sola fram mellom skysprekkene og gav eit flott ljos over fjelltoppane!
Frå snøgrensea (ca 700m) og opp mot toppen av Stavaskarsnuten (1213m) såg eg fleire lemen som pilte rundt omkring.. og var det eit enormt antall (hundrevis) med hi/lemenhull i snøen.
Lemen har eit stort reproduksjonspotensiale, så viss desse klarer seg gjennom vinteren kan det kry av dei når våren kjem att..
Eitt av fleire hundre lemmenhi
16.11.2014
Tur til Klepp frå Eenstunet, med flott utsikt over Skulestadmo. Uvanleg varmt til å være i midten av november..
Panorama Skulestadmo
11.11.2014
Lang og flott kveldstur frå Selstad, bratt opp til Oksatjørni og vidare til Oksen.
Snø på toppen, og høg luftfuktigheit som hadde lagt seg som eit tynt islag dei 300 høgdemetrene på veg nedatt mot Oksatjørni, og med sånne "sleipe" forhold gjelder det å være litt ekstra forsiktig når det mørkner. Ellers ein fin tur, vindstille og stjerneklar himmel.
Oksatjørni
Sørfjorden (Odda)
Hardangerbrua sett frå Oksen
På veg ned flott sti i Verkadalen
08.11.2014
Kort ettermiddagstur til Dosafjell i flott solskin!
Ingebjørgfjellet