Tjoflot-Oksen
Truleg siste dag med bra vær og føre på ei stund. Snudde på flaten rett før toppen.
I skumringa på veg nedatt, rett ved stien (snarvegen frå traktorvegen) eit lite stykke før parkeringa, dukka det plutseleg opp ein stor hare eit par meter frå meg. Den sprang skremt vidare gjennom skogen, stoppa for å kikke litt tilbake.. og fortsatte i ein voldsom fart oppover lia.. Gløtt av sol på veg opp
Gløtt av sol på veg opp
Tjoflot-Oksen
Flott ettermiddagstur til Oksen med Robert. Varmt som ein sommardag i skogen opp mot Vindhovden.. tilnærma vindstille på toppen og raskt slusjføre heilt ned til stølen! Ein flott stad å tilbringe kvelden. På veg opp Oksabrekkene (Foto: Robert Gunnlaugsson) Flott slusjføre ned Oksebrekkene
På veg opp Oksabrekkene (Foto: Robert Gunnlaugsson)
Flott slusjføre ned Oksebrekkene
Havås-Nesheimshorgi
Vær og føre i dag minna meir om mai/juni-føre.. 10-12 varmegrader, sol og herlig slusjføre. Kunne gå i kortarma heile vegen. To nedkøyringar i Nautastien(renna ned frå toppen). Litt sugeføre i scootersporet nedatt til Havås men ellers overraskande bra.
Vardanosi, Tverrlia
Formiddagstur til Vardanosi. Antydning til sugeføre nedst i skogen men ellers fint vidare oppover.
Mobilfoto:
Vardanosi, Tverrlia
Flott kveld med drømmeføre i Jordalen. To turar til Vardanosi i 30-40cm fjørlett pudder. Stjerneklart og tilnærma vindstille på den siste turen.
Velkesfjellet
Frå Haugseåsen til rett oppunder Velkesfjellet. Fint i skogen, men avblåst og flatt ljos mot toppen.
Mobilfoto
Mobilfoto
Nonfjell og Strutseggi
Nonfjell (frå Stokksel) og Strutseggi (frå Liaset). Ubeskriveleg flott dag i pudder og sol! På veg frå Olastøl såg me ein hare som suste avgårde mot toppen av Strutseggi. Eit flott syn i kveldssola!
Espelandsdalen
Liaset-Olastøl
Kveldstur frå Liaset til Olastøl. Mykje nysnø opp mot stølen, men såpass kraftig vind at det ikkje var særlig fristande å fortsette.. Fekk lenge følge av noko som kunne ligne på ei dvergmus?, den hadde problem å komme seg ut av scootersporet og vart med nesten heilt opp til stølen..
Klovtindane/Kopphornet og Skårasalen
Perfekt pudderføre heilt til topps til Klovtinden (1240m). Litt meir avblåast opp mot Skårasalen. Ein nydeleg dag i hjarte av Sunnmørsalpane! ( Bilete frå tur til Skårasalen 12.mars 2016: http://turogfoto.no/foto-blogg/776-skarasalen )
Perfekt pudderføre ned frå Klovtindane/Kopphornet
Ystevasshornet og Kleivdalsfjellet
Starta ved Svartevatnet og gjekk fyrst til Ystevasshornet (1330moh). 20cm nysnø og etterkvart strålande sol og varmt i lufta. På andre sida av fv60 ligg Kleivdalsfjellet (1154m), med flott utsikt over Sunnmørsalpane! På veg opp Ystevasshornet Lett skodde på toppen av Ystevasshornet På veg opp Kleivdalsfjellet, med Ystevasshornet (1330m) i bakgrunnen
På veg opp Ystevasshornet
Lett skodde på toppen av Ystevasshornet
På veg opp Kleivdalsfjellet, med Ystevasshornet (1330m) i bakgrunnen
Hamre-Seljenuten
Ettermiddagstur frå Hamre til Seljenuten.