↑730m 23km Kveldstur t/r Vatnasete. Så vidare over til Velken og på kjerreveg til Notten, der eg vart tipsa om ei fin rute ned til Esplelandsvegen; og denne ruta overgjekk alle forventningar! Fleire kilometer med fin og passe teknisk krevande flytsti. Heilt i enden av stien var eg kun nokre meter ifrå å sykle rett i ein hjort som byksa over stien. Den ana nok fred og ingen fare i det eg plutseleg kom gjennom skogen....
Sykla tilslutt over Fletena og Holven på turen tilbake. Ein fin runde som garantert blir gjentatt.
  ↑620m 20km Fyrst ein runde i Åsen i Ulvik, med nokre avstikkarar, blant anna til Birjetangen. Vidare til Øydve og Jokleppe og på sti over til Tunheim. Kjempefin runde der mesteparten er på flott sti/kjerreveg.
  ↑1120m 57km Allmenningavegen / Rong
Starta frå Granvin og sykla fyrst gamle jernbanetunnelen opp til Moo. Vidare til Bulko og Grønnlivatnet. Derifrå vart det nokre kilometer med bæring/trilling av sykkel over til Allmenningavegen før det etterkvart vart snøfritt og eg kunne fortsette. Tilbake over Djupåasen. Flott kveldssol og vindstille på stort sett heile turen, men kjølig ..!
  ↑790m 36km Kveldstur over gamle postvegen til Ulvik. Tilbake over Espelandsdalen.
  ↑870m 17km Fin joggetur ut Hamrevegen og vidare opp til Seljenuten, så bratt nedatt Verkelia til Djupevik og direkte til måndagsbadet i fjorden - akkurat i det regnet kom for fullt.
  ↑200m 8km Ein liten runde på div stiar og grusvegar i øvre-Granvin.
  ↑880m 42km Frå Granvin til Ulvik over Angerskleiv, så tilbake på flott kjerreveg til Oppheim og Vestreheimskleppe, og vidare over Espelandsdalen. Sommarleg og fine forhold, og kun nokre få fenner att langs gamle postvegen.
  ↑580m 20km Eit par stirundar i Bømoen og Storåsen.
  ↑660m 22km Måbødalen frå Øvre Eidfjord til Vøringsfossen.
  ↑790m 30km Fyrst til Angerskleiv, så tilbake om Velken og på sti nedatt til Esplelandsvegen. Kjempefin runde og kun nokre få snøfenner att.
  ↑890m 35km Fyrst ein stirunde i "Åsen" i Ulvik etter jobb, så t/r Angerskleiv frå Holven.
  ↑2150m Oksen (1241m)
Telta på toppen fredag kveld rett ved Veten. Fullstendig vindstille gjennom natta og i morgontimane. Skrei fyrst ned austflanken mot Oksastølen, så Oksebrekkene og til slutt nordflanken mot Hamre i strålande føre.
  ↑980m Berakupen (1530m)
Guida tur til Berakupen frå Garen Camping. Knall sol frå blå himmel, triveleg turfølge og ein flott tur både for dei med fjellski- og rando!
  ↑520m Jerike - Haugse - "utsiktspunktet"
  ↑1100m 17km Berakupen (1530m)
Me starta frå Garen og gjekk over Fruo (1225m) på turen opp til toppen, så normalruta nedatt. Vidstrakt utsynt over vidda i alle himmelretningar. Overraskande bra føre på heile turen.
  ↑1330m Ingebjørgnuten (1210m)x2
Tjukk skodde og utfordrande sikt i fjellet gjorde at me la om den årlege 1.mai-turen frå Oksen til Ingebjørgnuten. Etter eit par lange pausar kom omsider sola fram og utsikta åpna seg. Strålende pudderføre på toppen, og slusj i skogen.