Løypet-Opelandsstølen-Potten
Stølstur til Potten og Opelandsstølen. Fin rundtur med flott utsyn over Voss!
Viermyr-Onen (fortoppen aust for Onen, 1495m)
Ikkje så mykje som eit vindpust på toppen i kveld. Flott føre nedatt
Fortopppen på Onen
Nådde toppen minutter før sola forsvant bak skyene
Solnedgang over Vassfjøro
Osa/Osafjorden
Kajakktur ut Osafjorden til Sygnestveit. Blikkstille på fjorden.
Viermyr-Onen (Osafjellet)
Herlig slushføre til tross for varmen!
Hardangerjøkulen
Osa
På veg over Kvilingavatnet
Perfekt slushføre ned frå Onen
Tyssedal-Ringedalsvatnet
Sykla frå Tyssedal til Skjeggedal og vidare til endes innover grusvegen langs Ringedalsvatnet.
Reinsvatn-Øytjønnane (Nissedal)
Flott rundtur på 3 mil med sti- og svaberg frå Reinsvatn til Øytjønnane/Canvas hotell i Nissedal.
Bømoen
Nokre stirundar i Bømoen
Viermyr-Onen (Osafjellet)
Strålande vær på veg opp, og flott slushføre nedatt. Omtrent i det sekundet me starta på turen ned kom skodda og la seg tjukk over toppen.
På veg opp den bratte renna frå Viermyr
Langavatnet i bakgrunnen
Espelandsdalen-Ulvik-Osa-Viermyr
Sykla over dalen til Ulvik, vidare til Osa og opp Osafjellsvegen til Viermyr (fram til snøgrensa). Tilbake over Ljono-Solsæ og Fletene-Holven. Langs Solsævatnet ligg det framleis 50-60cm med hardpakka snø på vegen.. så der måtte sykkelen trillast heilt fram til brua i enden av vatnet. Sol frå blå himmel, shortstemperatur, og ein flott dag for langtur på sykkel!
Espelandsdalen
Langs Osafjorden
Viermyr (ved snøgrensa på ca 750moh)
Ulvikafjorden frå Ljono
Oksen
Flott kveldstur til Oksen. Stor snøsmelting, mykje vatn i elver og bekker, og høge temperaturar heilt opp. Likevel raskt slushføre heilt øvst og ned brekkene mot Vindhovden. To nedkøyringar frå toppvarden. Intens fuglesong frå trea i skogen på veg nedatt stien til Tjoflot i kveld!
Tjoflot-Oksen
Litt trått føre i dag, spesielt heilt øvst.. med våt og tung nysnø.
Stokksel-Ingebjørgfjellet
Vindfullt, men flott ettermiddagsslush frå topp til botn!
Tjoflot-Oksen
Kveldstur frå Tjoflot til Oksen. Nokre cm med nysnø opp brekkene mot toppen. Litt skare heilt øvst, men flott slushføre lenger nede. Varmt og fint i kveldssola på veg opp.. og ikkje eit vindpust ved toppvarden.
Panorama: Oksebrekkene og Hardangerfjorden
Espelandsfossen-Hestastodnuten
Espelandsfossen - Hestastodnuten
Sykkeltur: Hamre-Espelandsdalen-Fletene-Holven
Var nær ved å sykle på ein hoggorm som hadde lagt seg på grusvegen(over Fletene/Holven) for å nyte maisola..
Oksen
Starta frå Hamre. Tre nedkøyringar ned Oksebrekkene i flott slushføre. Fantastisk mai-dag, med temperaturar opp mot 10-15 grader(eller meir?) på toppen.. Sugeføre på returen nedatt til Hamre Dei siste 500 høgdemetrene til fots. Stien ned var no pryda av kvitveis som stod tett i tett.. og i full blomst! Hamre og Folkedal i bakgrunnen, med snøgrense på ca 500moh På dei siste snøflekkane ned mot Hamre... før det bar vidare til fots
Hamre og Folkedal i bakgrunnen, med snøgrense på ca 500moh
På dei siste snøflekkane ned mot Hamre... før det bar vidare til fots
Strutseggi
To nedkøyringar frå nordsida av Strutseggi mot Fagnastøl, og ei på sørsida. Frykta sugeføre, men sjølv om sola steikte var det flott slushføre frå begge sider. Forfriskande solbærslush i varmen
Forfriskande solbærslush i varmen
Telttur i Haugseåsen
Telttur i Haugseåsen med forhåpning om å få oppleve tiurleik neste morgon. Men det var desverre lite leik, tiur og røy. Kun ein einsleg ein som vekte meg i 4-tida.. men den karakteristiske rapande eller snorkande "aarr-aa-ka-ka.." Rett etter solnedgang dukka det opp to harer på andre sida av myra. Dei kom frå kvar si side av myra og hadde ein kort date på midten.. før dei sprang vidare til skogs..
Haugseåsen-Hause / Velke-Øyjordshaugen
Samme ruta opp til Allmenningbrekkene som i går, men fulgte stien om Haugseåsen-Hause / Velke-Øyjordshaugen på veg nedatt. Flott kveldstur, der det meste kunne gjennomførast på grusveg og sti/kjerreveg.
Fletene(Holven)-Almenningbrekkene-Trohaugen
1.mai-tur til Oksen
Stokksel-Ingebjørgfjellet-Oksen i strålande vær!