Blåskavlen (Aurland)
Tur til Blåskavlen i Aurland. Starta grytidleg på morgonen for å få best mulig føre. Første nedkøyring gjekk eit stykke ned i Blåskavlabotnen i perfekt slusj. Så oppatt til toppen og ned i Storebotn.
Tufto, Nærøyfjorden
Tufto, Nærøyfjorden
Gamle postvegen (Almenningsvegen) frå Granvin til Ulvik
Opp frå Vatnaset mot Angerskleiv. Foto: Audun
Panorama fjordutsikt frå Bergo
Fotograf: Audun
Kveldstur til Njuk
Njuk (med Midtfjell til venstre i bakgrunnen)
Utsikt frå Liaberget (Nobbet) mot Øvre-Granvin
Kajakk i Ringedalsvatnet (Tyssedal, Odda)
Kajakktur i Ringedalsvatnet og ein fin sykkeltur innover den 7 km lange Ringedalsvegen (fram til stien opp mot Via ferrata til Trolltunga).
Holven - Angerskleiv - Tveito.
Bart og tørt heile vegen.
Granvinsfjorden sett frå Litlastøl
Hamre (Granvinsfjorden)
Kveldstur i Granvinsfjorden til Hamre og vidare mot Byre.
Hamre og Granvinsfjorden
Bagne (Osafjorden)
Kveldstur i kajakk i Osafjorden. Starta frå Hetlenes og padla over til andre sida av fjorden, til Bagnsstrondi. Derette vidare til fots opp den bratte stien til Bagne (gardsbruk, 280moh).
Flott utsikt frå toppen, fullstendig blikkstille på fjorden, og kanskje den varmaste dagen hittil i år!
Sporlogg (t/r)
Bagnestrondi (Osafjorden)
Bagne (Ulvik)
Bagne (Ulvik)
Onen (1620 moh.)
Tur til Onen 1620 moh. med start frå Osafjellsvegen (rett før Austdølavatnet).
Varmt og flott vær, men ikkje uventa veldig blaut snjo og sugeføre (med nysnjo) over 1400m. På turen opp såg eg mellom 15-20 lettare forvirra lemmen.. dei to første dukka opp allereie rett etter eg gjekk ut av bilen.
Sporlogg
Godværsskyer
Onen
3 skigåere på veg mot Onen
Godværsskyer
Olsskavlen (fullmånetur)
Kveldstur til Olsskavlen frå Olastøl (Liaset). Flott solnedgang frå toppen, og fullmåneskin på veg nedatt.
Olsskavlen, Strutseggi
Kveldstur til Olsskavlen og Strutseggi. Nysnø over 1200 høgdemeter.
Fjellryper i vårdrakt
Olsskavlen 1576 moh.
Nedkøyring frå Stavaskarsnuten
Nedkøyring frå Stavaskarsnuten
Starta frå Ulvik sentrum og sykla asfaltvegen opp til Ljono og vidare opp den bratte kjerrevegen til Gårhovden over til til Solsævatnet (der det låg parti med snø i vegen). Sykla tilbake via nokre fine (og mindre fine) traktovegar som til slutt førte fram til parti ovanfor Ljono.
Nydeleg vær - varmt og vindstille!
Ingebjørgfjellet
Fortsatt kjempeforhold i fjellet. Me tok turen til Ingebjørgfjellet i kveldssol og 10 plussgrader. Perfekt rask slusj heile vegen ned til Stokkseldalen.
Utsikt mot Hardangerbrua og Eidfjorden frå Ingebjørgfjellet
Nedkøyring frå Ingebjørgfjellet mot Stokkseldalen
Ingebjørgfjellet
Kveldstur til Ingebjørgnuten.
Sola varma godt, så kunne gå i kortarma ulltrøye nesten heilt til topps. Flott utsikt frå toppen, fullstendig vindstille og vakkert lys frå sola i vest. Slusj kombinert med eit lite nysnølag gjorde nedkøyringa veldig bra!
Fjellryper i flukt. Midtfjell i bakgrunnen
Ingebjørgnuten
Fjellryper i flukt
Ulvik, Frystetjørn
Kveldstur til Frystetjørn (532m.), eit idyllisk lite tjørn i Ulvik.
Starta frå sentrum av Ulvik og sykla i flott grusveg dei fyrste 3 km frå Vambheim, og vidare i litt grovare (og brattare) traktorveg dei siste par kilometrene fram til Frystetjørn (532moh).
Kaldt i lufta, men kveldssola varma likevel godt!
Frystetjørn (Frystetjørni)
Frystetjørn
Stokksel - Ingebjørgfjellet - Oksen
Den tradisjonsrike 1.mai-turen til Oksen frå Stokksel vart i år gjennomført i eit nydeleg vær. Tilnærma vindstille på toppane og god sikt i alle himmelretningar. Me var oppom Ingebjørgfjellet på turen bort og tilbake. Ein ørn, paraglider og ein pratsom tyskar med hatt vart observert frå Oksen i dag!
På veg over Oksetjern
På veg over Oksetjern mot Ingebjørgnuten
Utsyn mot Eidfjorden og Hardangerbrua frå Ingebjørgfjellet
Utsikt mot Sørfjorden