Spildo - Diket

Frå Diket kan ein gå vidare inn mot Fagnastøl, med flott utsikt til Olsskavlen og Seldalsnuten som er del av Raundalsryggen.



Espelandsvatnet

Flott kveldstur rundt Espelandsvatnet.




Espelandsfossen

Sykkeltur innover Espelandsdalen og vidare til fots opp stien som fører til toppen av Espelandsfossen. Retur ned skogsveg og sti (nord for Tråelva) mot Holven.


Hamre, Tveito

Sykkeltur til Hamre og Tveito på tørre, fine vegar.



Nærøyfjorden

Tur frå Gudvangen (Nærøyfjorden) og vidare til Flåm (Aurlandsfjorden). » Fleire bilete






Granvinsfjorden - Kvanndal

Blikkstille sjø utover Granvinsfjorden og vidare mot Kvanndal i dag. Flott tur i lettskya opphaldsvær. Vart kun forstyrra av nokre nærgåande måser, og så helikoptertrafikken som sikkert kryssa fjorden (og mastene) 20-30 gonger i løpet av den 4 timar lange turen.
Sidan sjøen var stille og blank lot det seg gjere å få tatt nokre fuglebilete frå kajakken på turen tilbake.


Sykkeltur til Hamre med retur via Espelandsdalen. Endeleg ein dag med vår i lufta, og optimalt vær og temperatur for ein lengre ettermiddagstur.


Blåskavlen

Tur til Blåskavlen og Prest med DNT Fjellsport Voss.
Film av Leif-Johan Leira: https://www.facebook.com/photo.php?v=156517817862074


Osafjorden - Ulvik