Keiservarden opp og "Bodømarka rundt"
Starta med "Keiservarden opp" og sykla deretter "Runden". Svært flott tur som er innom mange av dei finaste flytstiane i Bodø. Eit virrvarr av stiar, så utan sporloggen frå trailguide.net hadde det vore vanskeleg å finne fram utan for mange stopp.
Sporlogg: https://trailguide.net/1041
Reine-Reinebringen(448m) | Bergland - Ryten (543m)
Reinebringen:
Morgontur til Reinebringen, eit lite fjell med stor utsikt. Turen vert omtala som direkte farlig (pga mykje lause steinar i det siste og brattaste partiet). Starta derfor tidleg for å unngå å ha altfor mykje folk framfor(og bak) i stien..
Ryten:
I kveld fekk me ein uforgløymeleg tur på sykkel ned frå Ryten til Bergland (kart). Iskald vind på veg opp den siste stigning, men me fekk fort varmen i oss på den lange nedkøyringa frå toppen.
https://youtu.be/ktmC5cG4x_o (Film frå 2016 av Tommy Amundsen, som viser deler av turen)
Reine sett frå Reinebringen (448m.)
På veg nedatt frå Ryten 543m.
Smørdalskammen(437m) | Ryten(543m)
Smørdalskammen: Vart tipsa om ei alternativ rute nedatt, så då måtte denne turen prøvast på nytt!
Ryten: Starta frå Bergland. Planen i kveld var å gå med sykkelen heilt til toppen, men sidan stien var såpass våt la eg att sykkelen ved Einangsvatnet og gjekk resten av turen til fots. Vakker utsikt mot havet i vest! I morgon blir det nytt forsøk med sykkel, forhåpentligvis då med sol og tørre stiar!
Utsikt frå Ryten med Kvalvika i bakgrunnen
Vakker solnedgang frå toppen av Ryten
Linndalsvatnet-Tuva(341m)-Skulbruheia-Leknes
Fin rundtur på 2 mil med raske og varierte stiar nordaust for Leknes sentrum.
Smørdalskammen (Lofoten)
Ein klassikar midt i Lofoten. Flott utsikt mot fjell, fjordar og små fiskevær. Flytsti på toppen og litt meir teknisk nede i skogen.
Leknes sentrum i bakgrunnen.
Smørdalskammen
Urstabben, Junkerfjellet (Bodømarka)
Sykla diverse stiar nord og nordaust for Bodø by. Knusktørre flytstiar og midnattsol!
Eit eldorado for stisykling nordaust for Bodø (trailguide.net)
Børvasstindane i bakgrunnen
Lofoten/Lofotveggen
Bodø sentrum frå Storliryggen
Nedre Skorset (Mugåsstølen) og Øvre Skorset
Stølstur til Nedre Skorset (Mugåsstølen) 600 moh. og Øvre Skorset 800 moh.
Utsikt frå Muggasstølen, med Mykkeltveitveten i bakgrunnen
Flåm - Hallingskeid t/r (Rallarvegen)
Starta frå Flåm og kunne sykle uavbrutt (kun gjennom nokre små snøfenner) heilt fram til Hallingskeid. Deler av strekninga frå Hallingskeid til Seltuftvatnet er no i så "dårleg" stand, med stein, pukkstein og slagholer, at det kjem godt med å ha fulldempa sykkel.
Geiter på stølsvollen i Kårdal
Kårdal
Måkedalen (Voss)
Stølstur til Måkedalen (811moh)
Mobilfoto:
Vallavik-Eidfjord, Erdal
Formiddagstur frå Vallavik til Eidfjord i eit nydeleg vær. Sykla til Erdal på turen tilbake og fulgte ein traktorveg/sti langs Erdalselva nokre kilometer oppover dalen.
Bømoen/Storåsen
Nokre rundar i Bømoen og Storåsen rett før regnet kom for fullt.
Storåsen på Voss
Hamrevegen-Stokksel
Sykla Hamrevegen til endes. Tilbake om Stokksel og anleggsvegen opp til mastene. Ein fin tur med utsikt over store deler av øvre- og nedre Granvin.. og ikkje minst fjordutsikten frå Hamre.
Mobilfoto:
Bømoen / Storåsen
Nokre rundar i Bømoen og Storåsen. Stort sett tørre og fine stiar overalt. Fønvind!
Storåsen
Dolve-Kiseldur / Arhelleren-Hedlo
Stølstur til Kiseldur og Hedlo
Mobilfoto:
Kongeørn over "Hedlo"
Angerskleiv-Bergo-Espelandsdalen-Fletena
Sykkeltur over gamle postvegen til Ulvik. Litt vått i stien opp frå Vatnaset til Angerskleiv men ellers fine forhold. Sykla over Fletena og ned traktorvegen mot Holven på turen tilbake over Espelandsdalen. Fin rundtur på varierande stiar!
Mobilfoto:
Espelandsvatnet
Ein liten tur i Espelandsvatnet som resulterte i to fine 200 grams fjellaure