Kajakktur, ekstremsportveko (Vangsvatnet)
Kajakktur i Vangsvatnet under ekstremsportveko
Snøheimvegen, Dovrefjell
Sykla frå Hjerkinn og innover Snøheimvegen til DNT-hytta "Snøheim". Planen var å gå vidare til Snøhetta, men tett skodde gjorde at eg ombestemte meg. Uansett ein fin tur, med moskus på nært hald som turens høgdepunkt.
Rallarvegen: Flåm - Hallingskeid
Årets fyrste tur over Rallarvegen. Starta frå Flåm og kunne sykle uavbrutt fram til Høghellervatnet(1158moh) der det vart litt vel tett mellom snøfennene.
Hallingskeid
Klevagjelet, ein fantastisk vakker og "dramatisk" del av Rallarvegen
Ved Høghellervatnet(1158m) var det ikkje lengre brøytt gjennom snøfennene
Hamre-Seljenuten-Oksen
Horganipen, Nesheimshorgi
Tur til Horganipen og Nesheimshorgi.
Mobilfoto:
Horgastien
Onen/Kyrelvfjellet, Osafjellet
Tilbrakte dagen på Osafjellet, med skitur til Onen og Kyrelvfjellet. Truleg sesongens siste skitur.. nydeleg vær og flott føre!
"Lofthus rundt", Hardanger Fjellsti (munketrimmen)
Kveldstur opp munketreppene og eit stykke innover Hardangervidda. Nedstigning langs Frøyneslia, i solnedgang og "intens" varme. Teperaturen målte 19 grader då me var nede att ved bilen, kl 24! Ein veldig flott rundtur, som me kom fram til burde kallast "Lofthus rundt"!
Turinfo: http://www.ut.no/tur/2.14618/
Utsikt innover Hardangervidda
Skrikjofossen, med fall på over 400meter
På veg ned Frøyneslia i solnedgang og intens varme, kl 22:30
Osafjellet
Tok turen til Osafjellet og kunne parkere bilen heilt oppe på ca 1000moh (før vegen var dekt av snø). Gjekk opp på Gerdanuten, med flott utsyn innover mot Hardangerjøkulen. Vart sittande lenge i kveldssola på toppen. Varmt og vindstille.
Hardangerjøkulen i bakgrunnen
Osafjellsvegen
Hamre-Oksen-Selstad
Starta frå Hamre og gjekk via Seljenuten til Oksen, nedatt på nymerka sti frå Oksetjørn til Selstad.
Sørfjorden
Reinsdyr, med Horndalsnuten i bakgrunnen
Bra med snø ned austsida av Oksen
Angerskleiv, Kvasshovden
Sykla til Angerskleiv og gjekk vidare til Kvasshovden
Midtfjell i bakgrunnen
Utsikt frå Kvasshovden mot Ulvik
Angerskleiv
Kveldstur til Angerskleiv
Horganipen, Nesheimshorgi
Sykla til Havås og Skålsete, vidare til fots opp Horgastien til Horganipen og på fast og fin snø til Nesheimshorgi. Nedatt om Bilde til Nesheim. Flott rundtur! Skyfri himmel og akkurat passe varmt.
Håtjørn
Utsikt frå Horganipen mot Granvinsvatnet
Nesheimshorgi mot Voss
Ingebjørgfjellet frå Nesheimshorgi
Olastøl
Bilde
Solsæ, Jonstøl
Sykla til Solsæ og vidare til Jonstøl (siste delen til fots). Mykje vær på turen.. sol, yr og vind.. og ei kraftig regnbyge på tilbaketuren
Mobilfoto:
Denne vesle karen ønska velkommen til Solsæ
Nesten snøfritt på Jonstøl
Vassfjøro
Undredal, Aurlandsfjorden, Stigen
Tok turen til Undredal og vidare til Stigen gard
Stigen gard
Angerskleiv, Børsheim
Sykla over Angerskleiv til Børsheim og ned til Ulvik. Varmt og fint!
Skitnaset
Eidfjord-Kjeåsen
Flott tur i kajakk frå Eidfjord og vidare til fots til Kjeåsen!
Mobilfoto:
Eidfjorden frå Kjeåsen
Kjeåsen
Søre Krossfonnuten
Starta frå Reinsnosvatnet og kunne fyrst ta på skiene etter å ha gått ein times tid til fots. OK føre.. men litt vekslande vær på turen opp mot toppen.
Krossfonnuten(dagens turmål) speglar seg i Reinsnosvatnet
Kajakktur rundt Oksenhalvøya
Padla frå Vallavik til Granvin. Maks heldig med vindforholdene, blikkstille heilt fram til eg skulle runde neset inn mot Granvinsfjorden, der eg fekk medvind vidare innover.
Mobilfoto: