Stokksel, Vatnaset, Hause

Tur til Stokksel og vidare vest langs anleggsvegen. Retur via Tveito, Vatnasete og ned den flotte kjerrevegen/stien frå Haugseåsen mot Hause. Som bileta syner vart været fin-fint utover kvelden!



Vatnasete

Øvre Granvin i kveldssol

Bulko - Almenningane - Rong - Vangen

Tur til Bulko, Løkjen og vidare på sti som ender opp ved Helgaset. Grusvegen vidare frå Helgaset til Rong er ein av dei flottaste høgfjellsvegane på Voss, med panoramautsikt i alle retningar.
Bilder frå samme rute, hausten 2012: 05.10.2012


Solsæ, Ljono, Angerskleiv

Sykkeltur over Espelandsdalen, innover langs Solsævatnet og ned til Ljono og Ulvik. Retur langs gamle postvegen Ulvik-Granvin.
Dette er ein av dei verkeleg fine langturar for stisykling i indre Hardanger. Flotte stiar og grusvegar, og storslagen panoramautsikt over Ulvik og Granvin.

Sporlogg


I staden for å sykle Skjervet kan ein følgje den gamle jernbanetrasseen og vidare i den 2,5 km lange tunellen som fører til Moo. Deretter vidare mot Skår og Diket.

Sporlogg


Olastøl, Ormtjørn, Frigardsvatn

Krokavatnet

Turen gjekk til Tveito og vidare forbi Maovatnet og til Angerskleiv. Retur om Vatnaset og Haugseåsen. Ein av dei aller flottaste rutene på terrengsykkel i Granvin, mykje sti og grusveg, og flotte omgivelsar.


Hamre

Ettermiddagstur til Håtjørn, Horganipen og Nesheimshorgi. Stort sett tørre, fine stiar mot "Horgi". Mykje rype å sjå frå Horgastien og vidare mot Nesheimshorgi, men ikkje alle var like villig til å la seg fotografere..