36km    ↑1030m 3t:20min
Hallingspranget (rundtur frå Nesbyen sentrum via Nesfjellet)
17km med maskinbygd sykkelsti og ein av dei lengste av sitt slag i Europa. Ein artig sti som slynger seg nesten 1000 høgdemeter nedover fjellsida mot Nesbyen.
Videoklipp som viser store deler av stien.
Multetur!
   ↑750m 2t:45min
Kveldstur til Velkesfjellet
   ↑750m 5t:35min
Kvanndalsgjelet/Kvanngjelet
Frå Kvanndal gjennom Kvanngjelet. Ei spektakulær vandring i ei trong elvekløft, over 5 km lang, med utallige små fossar, glattslipte berg og frodig vegetasjon. Turen er berre mogleg når vassføringa er på sitt aller lågaste slik som no.
Tilbake om Allmenningane, Gjellesstøllen, Kvanndalsstølen og nedatt om sherpatreppene, slik at det vart ein fin rundtur!    ↑930m 2t:45min
Ingebjørgnuten (1210m) frå Stokksel
   ↑1280m 3t:30min
Oksen (1241m) frå Hamre (via Seljenuten)
56km    ↑1130m 4t:20min
Rute: Granvin - Bulko - Allmenningane -Langelihøgdi - Folkedal - Granvin
Flott tur over fjellet til Folkedal, på teknisk sti langs den t-merka ruta (i tillegg til eindel bæring av sykkel).    ↑1120m 
Trolltunga (1180m)
Sykla frå Tyssedal til Ringedalsvatnet torsdag kveld og gjekk vidare opp den 250 meter lange via ferrata-ruta før dei siste kilometrane på sti mot Trolltunga. Starta seint for å unngå kø, og sjølv om dette er ein av dei mest turistifiserte turane på denne tida av året, og parkeringa i Skjeggedal var smekkfull, møtte eg nesten ingen før eg var heilt framme. Gjorde unna nedturen tidleg neste morgon, i soloppgangen.    ↑1520m  6t:30min
Vassfjøro (1633m) frå Tunheim (Ulvik).
Flott tur til Vassfjøro - Ulvik sitt signaturfjell. Fekk kun korte gløtt av sol (og utsikt) i det eg nådde toppen.     
Kveldsfiske i Espelandsvatnet    ↑930m 
På sykkel over Hardangerbrua til Bu og vidare til starten på stien, så på med joggesko opp Bugjelet til Klinkeskarv 106km    ↑2030m 7t:10min
Rallarvegen (Flåm - Finse - Flåm)
Sesongstart på Rallarvegen! Høgst vekslande forhold, med både regn og snø-/sluddbyger på den siste strekka opp mot Finse, og kraftig motvind på returen. Starta tidleg på morgonen, og møtte ikkje syklistar før Hallingskeid. Fine sykkelforhold med kun to snøfenner eg måtte trille sykkelen over.    ↑430m 
Gjerike - Haugseberget

   ↑930m 
Kveldstur til Ingebjørgnuten (1210m). Vart møtt av ein spektakulær regnboge på returen ned til Stokkseldalen, i låg kveldssol og ei lokal regnbyge som lenge låg rett over dalen.