Heiane(Tveito)-Fuglavatnet | Hallanger-Midtfjell
Heiane(Tveito)-Fuglavatnet:
Morgontur(og fisketur) til Fuglavatnet i eit nydeleg vær.
Hallanger-Midtfjell:
Ettermiddagstur opp den bratte stien frå Hallanger til Midtfjell. Flott fjordutsikt heile vegen mot toppen!
Maovatnet (Tveitovatnet)
På veg ned frå Fulgavatnet mot Tveitovatnet
Eidfjorden frå Midtfjell
Tesdalsstølen og Roksbotnen
Flott stølstur til Tesdalsstølen og Roksbotnen frå Tesdalen.
Tesdalsstølen 550moh
Roksbotnen 750moh
25072017
Årets fyrste moltetur! 2 veker seinare enn i fjor.. og betydeleg færre molter å finne http://turogfoto.no/foto-blogg/856-14072016
Stokksel-Ingebjørgfjellet
Formiddagstur til Ingebjørgfjellet. Fin temperatur heilt opp..og regnbygene holdt seg heldigvis på god avstand. Holdt på å springe på eit rypekull(på 12-14 fuglar) på veg nedatt mot Nonfjell, der dei låg godt skjult under nokre steinar.
Mobilfoto:
Espelandsdalen-Solsæ-Ulvik-Angerskleiv
Sykkeltur Holven-Solsæ-Ljono-Ulvik-Angerskleiv. Intens varme på siste stykke av Almenningsvegen mellom Ulvik-Granvin.. kleggen var og ekstra intens i dag og fulgte meg tett heilt opp langs brekkene til Angerskleiv..
Flåm-Finse (t/r) Rallarvegen
Flott sykkeltur på Rallarvegen frå Flåm til Finse(t/r). Litt mange snøfenner det siste partiet (ca 20 stk).. men ellers fine forhold. Mykje folk i begge retningar.. men det må ein vel regne med på ein dag som dette. Obligatorisk vafle- og kaffipause på Fagernut Vokterbolig 1310moh.
Obligatorisk vafle- og kaffipause på Fagernut Vokterbolig 1310moh.
Angerskleiv
Sykkeltur til Angerskleiv på sommarens til no varmast dag!
Tjoflot-Oksen
Tjoflot-Oksen (Veten) i strålande vær! Panoramautsikt frå teltet
Panoramautsikt frå teltet
Een-Klondyke-Bavallen
Velken-Velkesfjellet-Kvasshovden (t/r)
Lirype på Velkesfjellet Vinnar av Kvasshovden Opp, Johan Bugge.
Lirype på Velkesfjellet
Vinnar av Kvasshovden Opp, Johan Bugge.
Tokheim-Holmaskjerbu 1565moh (13-14.juli)
Me starta frå Tokheim i Odda og fekk ein flott tur opp Keiserstien og vidare på bre til Holmaskjerbu (1565m). Me var maksimalt heldig med værforholda; berre nokre minutt før me kom opp letta skodda over Holmaskjerbu. Trilla sykkelen opp til 1100 moh (ca 200 høgdemeter før brekanten) og kunne stort sett sykle heile vegen nedatt neste dag. Utruleg flott sti som svingar seg nedover mot fjorden, akkurat passe bratt og teknisk krevande. Holmaskjerbu Solnedgang over Folgefonna Solnedgang over Hårteigen sett frå Holmaskjerbu Melderskin Holmaskjerbu i soloppgang 04:34 Soloppgang over Hårteigen kl 04:34 Satt ifrå meg sykkelen på ca 1150moh
Holmaskjerbu
Solnedgang over Folgefonna
Solnedgang over Hårteigen sett frå Holmaskjerbu
Melderskin
Holmaskjerbu i soloppgang 04:34
Soloppgang over Hårteigen kl 04:34
Satt ifrå meg sykkelen på ca 1150moh
Selstad-Oksetjørn-Seljenuten-Hamre
Sykla til Selstad og gjekk vidare til Oksetjørni. Tjukk skodde i retning Oksen så snudde og gjekk tilbake om Seljenuten-Hamre. Stien opp frå Selstad er forholdsvis tørr og fin å gå til tross for alt regnet som har komme dei siste dagane.. nedatt frå Seljenuten derimot er det temmeleg sleipt og vått.
Mobilfoto:
Ulvik-Osa-Langavatnet (Osafjellsvegen)
Starta frå Ulvik og sykla opp Osafjellsvegen til Langavatnet (der vegen frå Viermyr hadde blitt brøytt i forrige veke). Vindstille og shortstemperatur heile vegen opp! Osafjellsvegen på ca 1050moh Langavatnet på Osafjellet
Osafjellsvegen på ca 1050moh
Langavatnet på Osafjellet
Sendedalen, Holmavatnet (Vikafjellet)
Kveldstur til Holmavatnet på Vikafjellet der me telta på sørsida av vatnet. Laber fangst i vatna langs dalen.. kun nokre små 100-grams.. På morgonen vakna me til ein kronhjort som hadde lagt seg til høgt oppe mot Finnbufjellet (på ca 1200moh / fjellet i bakgrunnen på det fyrste bilete). Ei flott og litt uvanleg oppleving såpass langt til fjells! På veg mot Holmavatnet
På veg mot Holmavatnet
Amlatunnelen - Stigafjellet (Sogndal)
Starta frå Amlatunnelen (tunnelen rett før ferjekaien på Mannheller) og kunne stort sett følge ein traktorveg heile vegen opp. Nedatt i knusktørr flytsti gjennom furuskogen.
Stryn(sentrum) - Gryta 1032 m. (t/r)
Flott tur med over 1000 høgdemeter ned frå toppen på variert og innhaldsrik(krevande) sti. Fin flytsti i skogen nedatt siste delen.