Starta frå Vallavik og sykla til Ringøy og vidare på grusveg/traktorveg inn Bjotveitdalen
Frå Vallavik til Ringøy og over til Djønno, på ein ny flott padledag i fjorden.
Eg og Maria tok turen til Ingebjørgfjellet i kveld. Me hadde torevær rundt oss på alle kantar, men slapp unna med berre nokre få dråpar.
Tur rundt Langavatnet på Osafjellet. Starta med å følge stien som går langs nordsida av vatnet. På turen tilbake vart eg overraska av ei kraftig regnskur/haglbyge.. og i løpet av få minutter sank temperaturen med 10-12 grader.
Dronningstien frå Kinsarvik til Lofthus
Fin tur frå Sotenos via Jonstøl til Vassfjøro
Padla Gjevilvatnet som ligg ved Oppdal i Trollheimen.
Starta på formiddagen og padla frå småbåthavna ved Osen og over til Vassendsetra som ligg i andre enden av vatnet. Videoklippet er tatt på turen tilbake, i 23-tida.



Kveldstur i Espelandsvatnet



Kveldstur i fjorden til Kvanndal. Blikkstille sjø og fin temperatur!
Sykla til Folkedal og bratt opp skogsbilvegen til Svortetjørn. Så vidare i sti/myr over til Olastøl, der det vart eit avkjøland bad (årets første) i Frigardsvatn. Nedatt vegen til Havås.
Kom over modne, søte og gode blåbær, rett før Svortetjørn! Dette må vel være rekordtidleg start på blåbærsesongen...
Sykkeltur til Tveito, vidare forbi Maovatnet og til Angerskleiv. Nedatt til Velkje og på sti over Øyjordi.
Kajakktur i Granvinsfjorden. Kvanndal - Naustflot - Hamre. Snudde rett før ferjekaien ved Kvanndal pga altfor sterk motvind. ..Og med vind i ryggen tilbake tok det under halve tida å padle tilbake til Granvin.