Rute: Granvin-Solsæ-Ljono-Osa-Langavatnet(1180m)-Bergo-Angerskleiv

Flott langtur i nydeleg vær over Espelandsdalen innover Osafjorden og opp på Osafjellet - bokstavelig talt frå fjord til (høg)fjell. Sykla over Angerskleiv på turen tilbake, slik at det vart nokre kilometer på sti til slutt.

mobilfoto:
Kveldstur frå Alsåker til Håsetkolla (1091m). Nedatt til Vinesfjellet -kanskje eit av dei finaste utsikspunkta over Hardangerfjorden.
Opp til Vatnasete over til Heiane og vidare til Vetlavatnet der det vart eit avkjølande bad i kveldssola.
På flytsti ovanfor Øydve mot Tunheim og så ein rundtur i Åsen i Ulvik
Innover Espelandsdalen og så bratt opp til Olavstøl. Nedatt på stien som går parallelt med vegen, der det meste no er syklbart
Flott langtur i blikkstille sjø rundt øya Kinn og Reksta
Kajakktur frå Florø og utover til dei mange småøyane mot havgapet
Sykla Rallarvegen frå Flåm til Finse og tilbake. Nydeleg sykkelvær med ein avkjølande bris på store deler av turen, og kun to mini-snøfenner som måtte kryssast på strekninga fram til Fagernut.
Tur til Jonstøl og Kristinuten(901m) - med eit "avkjølande" bad for både to- og firbeinte på Jonstøl og i vatnet rett ved toppen.
Gjekk opp stien frå Såkvitno til Njuk. Tett i tett med store multer, og nok modne bær til ein liten lunsj ved stølen.
Planen i dag var å gå til Vassfjøro, men pga overraskande tjukk skodde og utrygge snøbruer snudde me eit stykke opp frå Ljoneskrulen mot Miningane. Ein fin tur vart det likevel.
Utforsking og rydding av diverse stiar i skogen/fjellsida mellom ytre- og indre Ålvik
Sykla over Angerskleiv og ei "ny" rute på sti til Børsheim og vidare ned mot sentrum. Tilbake over Ljono-Solsævatnet. Sykkel + badeliv + varmebølge = midt i blinken i dag.
Tur frå Helgaset til Krokasetvatnet og Kolingseggi - eit av dei finaste utsiktspunkta mot Voss.
Sykla traktorslepet frå Tinnhølen innover vidda til Sandhaug og vidare på sti til Besso. Flott sykkelterreng og nydeleg vær - til og med badetemperaturen var komfortabel, noko som ikkje er heilt vanleg på Hardangervidda i starten av Juli.