Tur til Såta(933m) i flott pudderføre og minst 30cm nysnø frå i går. Me såg desverre lite til "superfullmånen" i kveld, men med det været som er meldt dei neste dagane så er det ikkje fare for at den skal skjule seg bake skydekke
To turar opp utforløypa til rett over tregrensa. Flott skogskøyring nedatt. I kveld snøa det så tett at spora frå den fyrste turen knapt var synleg.
Ettermiddagstur i skogen opp mot Nonfjell. Me snudde ved Nonfjellshytta. 20 cm nysnø. Fint nedatt i den brattaste delen av skogen.. men våt nysnø lenger nede.
Tur til Nesheimshorgi (1133m) frå Havås. Litt avblåst heilt øvst, ellers strålande pudderføre ned Nautadalen og vidare i strigla trakkemaskinspor til Havås.
Nydeleg vær og nysnøføre i det eg starta frå Stokksel i formiddag, men fekk knappe 5 minutt med utsikt frå toppen før skodda kom -og gav tilnærma whiteout nedatt dei fyrste hundre høgdemetrene.
Ettermiddagstur i mildvær opp utforløypa til Horgaletten. Våt snø og brotskare utanfor løypa.

Mobilfoto:
Gjekk opp til fyrste kvilehytta etter Horgaletten. Sterk vind øvst, men fin og mjuk snø i nypreppa løyper nedatt til Bavallen. Møtte på Audun som og hadde vore på Kvilehytta.
Formiddagstur til Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal. Vindstille og fint, så det vart ein lang og god pause på toppen, men såg lite til sola som var meldt.
Ei nedkøyring mot Skiple og ei mot Skykkjeset. Skareføre og vindpåvirka både på nord- og sørsida i dag.
Frå Sjusete i Ulvik til Midtfjell (1255m). Hadde i utgangspunktet tenkt meg ein kort ettermiddagstur i lia ovanfor Sjusete, men endte opp med å gå til toppen. Fløyelsmjuk nysnjo i skogen og i den lange "bollen" ned frå toppen, ellers mildt sagt variabelt føre der vinden hadde tatt
Ettermiddagstur frå Bulkuhagen(Bulko) og opp lia til Lyklaknappen(853moh). Ein fin tur som egnar seg godt som hovelykttur og som fort kan bli ein ny favoritt for korte nærturar etter jobb -med flott utsikt mot Voss i det ein nærmar seg toppen. To nedkøyringar i strålande pudderføre. Litt vindpåvirka heilt øvst.
Kveldstur til Vardanosi. Samojedhunden var ekstra ivrig med å komme seg til topps i dag. 10-20cm fersk nysnø og veldig flotte forhold.
Kveldstur til Olavstølnuten(1129m) frå Liaset. 15cm fjørlett nysnø heilt til topps. To nedkøyringar til Olavstøl. Rett etter den fyrste turen ga nedbøren seg og i løpet av få minutt var det stjerneklart og vindstille.
Starta frå parkeringa ved Bulko og gjekk om Stuvaset til Langesetvatnet i flott soloppgang. Så vidare til Håsethorgi (1155m). Vindfullt og avblåst på toppen, men enkelte parti med overraskande bra føre nedatt. Flott pudderføre i skogen nedatt til Bulko. Ein reinsdyrflokk på 16 dukka opp rett framfor oss omtrent halvvegs opp mot toppen, og ein harepus spratt over vegen før Stuvaset!
Tur frå Kårdal til Mjølfjell. Snudde på halvvegen pga dårlig føre og sterk vind. I dag kom me fram til at det vart fleire timar i bil enn på ski..:)
Flott tur frå Stokksel til Oksen. Over Ingebjørgfjellet på turen tilbake. Føret var absolutt ikkje mykje å skryte av i dag -vindpåvirka og brotskare- men med skyfri himmel og sola som varma betyr ikkje snøforholda alt

Fredag for nøyaktig eitt år sidan var både vær óg føre maksimalt på turen til Oksen: Turlogg fredag 13.jan 2017
Hovelykttur til Raudhovden(ca 850moh). Flott pudderføre i skogen til tross for at vinden herja som verst rett ovanfor oss.
Kveldstur til Strutseggi (1137moh). Skodda kom og gjekk på veg opp mot toppen, men i det me skulle ned att klarna det heilt opp. Stort sett flott føre.
Sol frå blå himmel, men Iskald vind på toppen i dag. Overraskanda bra føre nedatt.. sjølv om enkelte parti var litt avblåst.
Kort hovelykttur frå Skaftedal til Tingsteinen. Ikkje så mykje som eit vindpust på toppen i kveld.
Framleis like flotte pudderforhold som for eit par dagar sidan, til tross for at det blas litt heilt øvst i kveld. To turar opp til toppen. Stjerneklart.
I kveld hadde me to nedkøyringar i flott nysnøføre frå toppen. Den fyrste til rett ovanfor tregrensa.
Har sjeldan opplevd nysnøen ligge så jevnt heilt opp.
På den siste turen klarna det opp og fullmånen kom etterkvart til syne og ga eit flott ljos over fjella i Jordalen.