Tjoflot-Oksen
Ny flott tur til Oksen. Skyfri himmel og fjørlett pudder.
Tjoflot-Oksen
Ettermiddag-/kveldstur til Oksen. Nydeleg vær og føre! Skodda kom og gjekk og ga eit flott ljos på veg opp Oksebrekkene. 5-10cm pudder frå Vindhovden og heilt opp til toppen.
Mobilfoto:
Solsæ / Tjoflot-Oksen
Solsæ: Eg og Margit på formiddagstur til Solsæ. Veldig flotte løyper og rikeleg med snø i området!
Tjoflot-Oksen: Utnytta ettermiddagen med tur til Oksen. "Vårlig" og såpass varmt i lufta i dag at eg kunne gå utan lue og votter store deler av turen opp. Hardt, vindfullt og isete på toppen, men antydning til slusfjøre ned Oksebrekkene til Vindhovden. Oksebrekkene i nydeleg solnedgang Vindhovden i solnedgang
Oksebrekkene i nydeleg solnedgang
Vindhovden i solnedgang
Sjusete-Midtfjell
I kveld fekk eg og Robert ein av dei flottaste hovelyktturane på lenge! Ikkje like kaldt i lufta som i går.. og dermed endå raskare og betre pudderføre en tidlegare. Hadde ein "nesten-påkøyrsel" av fjellrype ned frå toppen som eg fekk fanga med gopro-kamera.
Rett før toppen av Midtfjell, med Ulvik som lyser opp i bakgrunnen
Skremte opp to fjellryper på nedkøyringa frå toppen (gopro-foto)
Sjusete-Midtfjell
Topp vær, føre og stemning til Midtfjell i dag! Pudderføre heilt til toppvarden.
Stokksel-Oksen-Ingebjørgfjellet
Veldig vindpåvirka snø ned frå Oksen i dag. Iskald vind og ei stor sky som dekka for sola på store deler av turen. Men pudderføret i Nonfjellskogen var, om mulig, endå betre enn i går!
Blåtimen
Stokksel-Oksen
"Ekstremværet" Vidar har etterlatt seg ein halvmeter med nysnjo i skogen og 10-20 cm over tregrensa. Veldig flotte forhold ned austflanken frå Oksen mot Oksetjørni. Godt å endeleg kjenne sola varme!
Nonfjellskogen
Oksetjørni
Sørfjorden frå Oksen
Oksen, med Ingebjørgfjellet og Midtfjell i bakgrunnen
Bavallen-Horgaletten
Striregn og elendig føre både i og utanfor løypa. Den åpne bua på toppen av Horgaletten var ekstra god å ha i dag.
Bilete frå tidlegare tur:
Stokksel-Midtfjell
Omsider ein dag med sol og nydeleg vær. Tilnærma vindstille og OK føre. Herlig pudderføre i skogen opp mot "Skaret" (800m). Litt meir avblåst vidare opp, men med eit ørlite nysnølag oppå. Nydeleg solnedgang mot Sørfjorden på veg nedatt frå Midtfjell!
Solnedgang over Sørfjorden (gopro-foto)
Solnedgang over Sørfjorden (gopro-foto)
Liaset-Strutseggi
Ny flott kveldstur til Strutseggi. Tett snødrev og perfekt pudderføre ned den sørvendte flanken frå toppen.
Liaset-Strutseggi
Flott kveldstur til Strutseggi. Veldig bra pudderføre som stort sett låg upåvirka av vind heile vegen til topps! 30-40cm langs Olavstølvegen og 10-15cm vidare oppover. Ikkje eit vindpust på toppen.
Gopro-foto
Måneskin (gopro-foto)
Tverrlia, Vardanosi
20-30cm fjørlett pudder frå parkeringa og til eit godt stykke ovanfor tregrensa. To turar opp mot Vardanosi i flotte forhold. Den fyrste turen med breide Kuro-ski og den siste, til topps, med smale Cho Oyu-ski.. og det var vel ikkje tvil om at i dag var det pudderplankane som gjaldt!