Njuk | Nonfjell
Såkvitno-Njuk: Nye 40cm med snø. Gjekk frå Såkvitno til Njuk, der det vart kaffipause i hytta. Gløtt av sol, flott vinterstemning og snøtunge tre oppover traktorvegen og vidare til hytta. Mobilfoto:
(mobilfoto)
Njuk (mobilfoto)
Hytta på Njuk (mobilfoto)
Stokksel-Nonfjell: Med så flotte forhold som no måtte det bli ein tur til. Gjekk frå Stoksselvegen mot Nonfjell og snudde når det byrja å bli litt avblåst på ca 900moh, samme stad som i går. Men i motsetning til i går vart det tett snødrev i det eg skulle nedatt, så sikta var tidvis dårleg, men snøen kanskje endå bedre no.
Snøtunge tre og julekortstemning opp mot Nonfjell
På veg opp mot Nonfjell. Øvre-Granvin i bakgrunnen
Snøtunge tre og julekortstemning opp mot Nonfjell
På veg opp mot Nonfjell. Øvre-Granvin i bakgrunnen
Nonfjell
To ettermiddags-/kveldsturar til Nonfjell. Minst 40cm nysnø og optimale forhold for skogskøyring ned mot Stokksel.
Videoklipp: https://www.instagram.com/p/BBLfMB6rtJx
Bavallen-Slettafjellet
To fine turar frå Bavallen til Slettafjellet. Snøen lava ned stort sett heile tida, og det låg 10-15 cm tørr nysnjo jamnt fordelt frå Tråstølen og vidare opp.
(mobilfoto)
Storhaug
Kveldstur frå Liaset til Storhaug. Tett snødrev og 10cm nysnø frå Olastøl og vidare opp.
I spora til to harepusar og ein rev (mobilfoto)
Ingebjørgfjellet
Stokksel - Ingebjørgfjellet. Overraskande rask og fin slusjsnø frå toppen og heilt til 600moh! Litt sugeføre vidare ned.
Stokksel-Nonfjell
Gjekk opp Stokkselvegen og vidare til Nonfjellshytta, der det vart ein liten pause. 10-15cm nysnø og tungt klabbeføre.
Nonfjellshytta
Stavaskarsnuten
Truleg den siste kvelden med måneskin og fjørlett pudder på ei stund.
Utsikt frå Stavaskarsnuten mot Granvin
Strutseggi, Stavaskarsnuten
To nedkøyringar i flott pudderføre. Den fyrste frå Strutseggi i solnedgang (utan hovudlykt), den andre frå Stavaskarsnuten i måneskin. Perioder med intenst nordlys på turen opp mot Stavaskarsnuten ca kl 18:30.. la att sekken nede ved Olastøl, så hadde kun mobilen å knipse nordlysbilder med
Mobilfoto. Nordlys over Stavaskarsnuten
Mobilfoto. Nordlys austover mot Ulvik
Frå Stavaskarsnuten i retning Voss. Herresåsen og Bavallen lyser opp
Strutseggi
To nedkøyringar frå Strutseggi. Som i går, perfekt pudderføre. -16 grader nede ved bilen.. og kanskje 10 grader mildare på toppen og fullstendig vindstille. Nydeleg kveld.. sterkt lys frå månen og stjerneklar himmel!
Frå Strutseggi mot Granvin city. Utsikt mot Midtfjell, Storeflåtten, Ingebjørgfjellet og Oksen bl.a.
Olavstølnuten/Strutseggi
Måneskinstur til Strutseggi. 15cm fjørlett pudder heile vegen opp og heilt vindstille.
Strutseggi i måneskin
Strutseggi i måneskin
Utsikt mot Granvin sentrum frå Strutseggi
Midtfjell frå Sjusete(Ulvik)
Veldig flott føre heile vegen til Midtfjell. 10-15cm med upåvirka snø til toppen.
Eit fint område for skogskøyring.. så her blir det utvilsomt nokre hovelyktturar etter jobb i vekene som kjem.
Med skrittperspektiv
Fennestølane- Byrseteggi - Skykkjeset
Starta frå Fennestølane. Eg og Jarle hadde plan om å gå til Horndalsnuten.. men pga overraskande vindpåvirka og ujamn snø snudde me ved Skykkjeset. -18 grader ned vede bilen på Fenno.
Olavstølnuten
Kveldstur til Olavstølnuten. 10-15cm fjørlett nysnjo frå topp til botn.
Seljenuten frå Hamre
Greit med piggsko (og gjerde å halde seg i) når stien ser slik ut..
Solsæ
To fine skiturar inn til Solsæ frå Tungeteigen. Mildt, vindstille og lett snø i lufta.
Solsæ
Flotte nypreparerte løyper innover til Solsæ!
Solsæ - Jonstøl
Sesongens fyrste tur med tjukkassykkelen. Sykla skiløypa inn til Solsæ og vidare på skaresnø til Jonstøl. Stjerneklar himmel, kaldt (-11 ved Drevtjørn og endå kaldare ved Jonstøl) og for det meste bra skare å sykle på overalt. Veldig moro, spesielt på turen nedatt!
Havås, Nautastien, Nesheimshorgi
Tur opp Nautastien til Nesheimshorgi. To nedkøyringar, den siste frå toppen av Nautastien. Stemningsfullt ljos på veg opp, 3-4 cm nysnø og flott solnedgang frå toppen.