Tur frå Bavallen til Horgaletten. Vinden på toppen av Horgaletten var så kraftig at det var håpløst å fortsette vidare til Horgi. Ein liten åpning/sprekk i skylaget mot vest ga ein flott solnedgang!
Det har blitt mange turar til Solsæ i det siste, men når fjellet er forblåst og skarete, så er denne turen eit veldig godt alternativ. Løypa ligg stort sett godt skjerma for vind frå alle kantar pga fjella som omkransar ruta. I dag var vær og føre svært bra! Nypreparerte raske løyper, flott klar sikt mot majestetiske Vassfjøro og folksomt innover i løypa.
Jobbdag i Kvam etterfulgt av ein tur til Torefjell rett før det mørkna. Fin-fint vær heile formiddagen og til litt utpå ettermiddagen, men så skya det til vestfrå og skjulte desverre det som kunne ha blitt ein fin solnedgang. Snudde 10-20 høgdemeter frå toppen pga av hard og veldig isete skare. Likevel ein fin tur sjølv om føret ikkje var særlig bra. Flott utsikt sørover mot bl.a. Folgefonna!
Sauanuten
Ettermiddagstur til Sauanuten (1379m.) frå Liaset.
Sol frå knall blå himmel, men som meldt var det kaldt og vindfullt, spesielt frå Stavaskarsnuten og vidare. Heldigvis stilna det litt på veg mot toppen.
Vart sittande ei god stund å nyte solnedgangen frå toppen før det bar ned att. Frå Stavaskar og vidare ned var forholdene svært bra.
I følge YR kan det bli ei stund til "sol og måne" kjem til syne att, og dermed små sjansar for at forholdene blir like flotte som dei har vert den siste tida.
Espelandsdalen og Espelandsvatnet med utsyn mot Vassfjøro
Olastøl i retning mot Stavaskarsnuten
Vakker solnedgang sett frå Sauanuten
Solnedgang sett frå Sauanuten
Vassfjøro sett frå varden av Sauanuten
Tur til Solsæ.
I kveld vart det ein roleg tur på fjellski innover nypreparerte løyper til Solsæstølane og så vidare nokre kilometer utanfor løypa i retning Jonstøl. Kanskje den aller flottaste kveldsturen på ski eg kan hugse.. stjerneklart, fullmåne, silkeføre, heilt vindstille og kun 5-6 minusgrader. Vær og føre kan knapt bli betre enn no.
Nypreparerte løyper innover mot Solsæ
Nypreparerte løyper innover mot Solsæ, med Vassfjøro i bakgrunnen
Stjernehimmel og fullmåne
Solsæ / Stjernehimmel og fullmånekveld
Sotenos i fullmåneskin
Olsskavlen
Tur frå Liaset til Olsskavlen (1576moh).
Me gjekk i eit strålande vær og føre. Faktisk fyrste turen i år med sol frå blå himmel.. nesten ikkje til å tru.
Akkurat i det me nærma oss Olsskavlen letta skodda frå toppen, og me fekk sett månen stå opp i aust og ein vakker solnedgang i vest. Nedkøyring i flott pudderføre. Ein dag som seint vil gløymast!
Me møtte på Jo Bjørnar på veg ned frå Stavaskarsnuten (Sjå video: http://www.youtube.com/watch?v=PvAFdz3kqZ0 )
På veg opp "Olastølvegen" frå Liaset
Vidare opp til Olastøl med Espelandsvatnet/Espelandsdalen i bakgrunnen
Skispor i retning Stavaskarsnuten
Skoddelag over Olsskavlen
På veg mot Olsskavlen
På toppen av Olsskavlen (1576 moh) med månen i bakgrunnen
Olsskavlen (1576 moh.) med månen i bakgrunnen
Solnedgang på veg nedatt
Måneoppgang
Hunden nyter solnedgangen
Solnedgang i vest, måneoppgang i aust.
Hunden på veg ned, men månen som lyser opp fjellet
Flotte nysnjoforhold frå topp til botn
Olastøl, Stavaskaret
Tur til Stavaskaret frå Liaset i eit flott føre.
30-40cm knusktørr nysnjo frå Olastøl (500m) og vidare oppover. Måtte snu rett før Stavaskaret pga tett skodde og dårlig sikt. Det er nesten håpløst å prøve seg på den bratte kneiken før Stavaskarsnuten når sikta er lik null. Flott nedkøyring heilt til Liaset! I morgon blir det nytt forsøk på Olsskavlen, forhåpentligvis får me sol og blå himmel!
Espelandsdalen og Espelandsvatnet frå Olastølvegen
Flott nysjnoføre
Sola kom tilbake over Granvinsvatnet og Øvre Vassenden i dag!
Flott fjellskitur frå Ljosanbotten (Mjølfjell) til Grindaflethytta.
Me gjekk i dårleg sikt inn mot hytta og med "klabbeføre" dei siste kilometrane. På turen tilbake dagen etter vart det fleire timar med stiv kuling, med vindkast oppimot 20 sekundmeter, og bokstavlig talt null sikt. Men som bileta viser var godværet på plass ei stund, og ga oss og eit nydeleg ljos gjennom det tunge skydekke, med flott utsikt mot fjella sørover! Skiføret var upåklageleg bra.
Grindaflethytta, rett før avreise
På veg innover mot Stordalen
Liaset-Olastøl
Kort kveldstur/hovudlykttur frå Liaset til Olastøl og litt vidare. Vindstille og stjerneklart opp til Olastøl, men så begynte vinden å gjere seg gjeldande.. og det skya straks til. Vidare frå Olastøl var føret overraskande bra!
Vakker stjernehimmel (Olastøl)