Tokheim-Holmaskjerbu 1565moh (13-14.juli)

Me starta frå Tokheim i Odda og fekk ein flott tur opp Keiserstien og vidare på bre til Holmaskjerbu (1565m). Me var maksimalt heldig med værforholda; berre nokre minutt før me kom opp letta skodda over Holmaskjerbu.
Trilla sykkelen opp til 1100 moh (ca 200 høgdemeter før brekanten) og kunne stort sett sykle heile vegen nedatt neste dag. Utruleg flott sti som svingar seg nedover mot fjorden, akkurat passe bratt og teknisk krevande.