Julestormen "Urd" har på kort tid omgjort Nonfjellsskogen til eit pudderparadis! 20cm tørr nysnø i skogen og to nedkøyringar frå Nonfjellshytta(800moh). Det snøa så tett på den siste turen at spora frå den fyrste knapt var synleg. Vindfullt over trengrensa, men lunt og fint i skogen.
Nede att i Granvin sludda og blas det som verst -kontrasten kunne knapt vore større.
Gopro-foto:
Nonfjellshytta er god å ha når "Urd" herjar som verst ute