Tur til Ingebjørgfjellet med Jarle og Jo Bjørnar.
Fyrste halvtimen gjekk me til fots og tok ikkje på oss skiene før me nærma oss Nonfjellshytta. Vidare på ujamn snø og hard skare. Men frå ca 7-800moh var føre overraskande bra, med rimfrost og eit 2-3cm djupt snølag oppå skaren. Fullstendig vindstille heilt til topps!


