Nydeleg dag, men som i går kveld blas det noko voldsomt i fjellet. Oppe på Disk (fortoppen til Midtfjell) var det til tider vanskeleg å halde seg på beina i dei verste kasta -så me snudde her. Midtfjell er ikkje akkurat staden ein vil være når det bles for fullt. Hardt skareføre heilt øvst men herlig føre lenger nede, spesielt ned frå Midtfjell der sola stod rett på.
Midtfjell sett frå Disk