Stokksel, Ingebjørgfjellet, Dalsete,Midtfjell

Fantastisk flotte haustfargar i fjellet no! Starta på ettermiddagen og gjekk til Ingebjørgfjellet, nedatt til Dalsete og så bratt oppatt til Midtfjell. Lang og fin rundtur langs knusktørre stiar og frosne myrer, fullstendig vindstille på toppane og nydeleg solnedgang på veg tilbake til bilen, som stod parkert på Stokksel.