
Sein ettermiddagstur til Vatnaset og Angerskleiv. Vindstille, sol og varmt på veg opp, så trudde eg hadde tima turen bra mtp været, men så kom det ei lokal snø-/haglbyge på toppen, og høljeregn og vind på sykkelturen nedatt.. så det vart ein heller kald og våt opplevelse..

Flåm-Finse (t/r)
Kanskje den aller finaste tida å sykle Rallarvegen; hausten har virkelig tatt av i høgfjellet no. Møtte overraskande nok kun ein sykkelist på heile turen.





Joggerunde i kveldssol og flotte haustfargar, frå Heiane til Angerskleiv og tilbake om Haugseåsen.


Rute: Selstad-Oksen-Veten-Tjoflot
Gjekk til Oksen(1241m) frå Selstad, kanskje den finaste, men likevel minst brukte ruta opp. Lang pause på toppen, så ned til Tjoflot med Robert og Steinar som møtte meg frå andre sida.









Opp stien til Njuk og til Krokavatnet og Bulko, så tilbake på sykkel ned Bulkovegen og gjennom gamle jernbanetunnelen til Såkvitno.




Rute: Haugseåsen-Hedler-Velkesfjellet-Kvasshovden-Vatnaset
Flott kveldstur og rundtur! Gjekk over Velkesfjellet til Kvasshovden og så stien tilbake til Vatnaset (som går langsmed fjellrekka/Velkesfjellet). Eit idyllisk område med utallige små fjellvatn langs stien.







Frå Liaset til Geituri og vidare til Kvasshovden(1065m). Lang og god pause på toppen i det som minna meir om sommarvarme enn typisk haustvær.



Ingebjørgfjellet(1210m) frå Stokksel
Haustklar luft, vindstille og varmt!





Trolltunga frå Tyssedal
Starta forholdsvis seint i dag for å sleppe å gå i kø opp mot toppen. Parkerte ved Tyssedal og sykla den første mila til Skjeggedal og vidare til Mågelitopp (860m), så til fots i nysnø og flott vinterstemning!
Det er alltid ein opplevelse å gå Trolltunga.. turens høgdepunkt var å møte ei som kom gåande med to plastposar, solhatt og munnbind.. og tøysko.. i 20 cm dagsfersk, våt nysnø...





Gomobu - Sanderstølen (Golsfjellet)
Iskald nordavind, så korta inn ruta litt og sykla mest på grusveg. Flotte haustfargar i høgfjellet, og nysnø på toppane.




Stisykling på kryss og tvers like nord for Gol sentrum




Stisykling i Bømoen. Vått!

To joggerundar i stien ovanfor Holven. Sol på fyrste runden og høljeregn på siste.

Njuk. Opp skogsvegen og nedatt stien.




Stitirsdag ("Stirsdag") med joggetur frå Gjernes til Rosethytta


Hardanger fjellsti+Dronningstien
Sein ettermiddags-/kveldstur. Starta med å gå opp "Hardanger fjellsti" i Lofthus der sherpaer var i full gang med bygging av steintrepper opp til Stuvasete. Fortsatte vidare på Dronningstien over til Røte (Kinsarvik). Flott kveldshimmel då sola dukka opp omtrent halvvegs på turen. Avslutta med å sykle tilbake til Lofthus der bilen stod parkert. Møtte faktisk ingen på turen... hverken turistar eller dronninga sjølv..
mobilfoto:








Onen 1621m
Varm og flott haustdag! På veg opp mot Onen holdt me oss litt nord for toppen og gjekk i relativt krevande og kupert terreng, så nedatt langs brearmen (eller det vesle som er att av den) og rundt Kvilingavatnet.












Flott tur over Nesheimshorgi til Njuk, langs kanten av fjellet, med utsikt rett ned mot Granvinsvatnet. Rute: Håtjørn-Nesheimshorgi-Horganipen-Njuk-Såkvitno.



Opp til Seljenuten og Middagsnuten, så nedatt den bratte stien frå Nuten til Hamre.


Olsskavlen (1576m) frå Olastøl og sesongens fyrste hovelykttur. Lang og flott solnedgang på turen nedatt frå toppen!






Kveldstur til Midtfjell (1255m) frå Stokksel. Antydning til haustfargar i fjellet!



Såkvitno - Njuk. Opp skogsvegen og nedatt stien