
Onen (1620moh)
Rekordtidleg topptur på ski til Onen på Osafjellet, med overraskande mykje snø. Parkerte bilen på ca 950moh og kunne gå i 10-15cm "septemberpudder" og relativt god såle heilt til toppen. Starta seint, og skodda som hadde lagt seg tjukk rundt toppane letta ikkje før siste stigning og rett før solnedgangen. Rett og slett magisk vinterstemning i høgfjellet!





Eit par stirundar i Bømoen

Opp til Velken og vidare på sti til Heller.

Eit par rundar på det som er å oppdrive av stiar i Bømoen.


t/r Vatnasete og på "nyoppdaga" sti nedatt, så opp Tveitovegen til Vetlavatnet.




På kryss og tvers i Bømoen og Storåsen

Strutseggi frå Olastøl



Ein runde i Bømoen og Storåsen midt i mellom to solide regnbyger, så i dag var det berre å sleppe ut luft i dekka for best mulig grep mot underlaget

Over Espelandsdalen til Solsæ-Ljono-Ulvik. Så tilbake om Bergo og gamle postvegen - ein fantastisk flott fjellsti sjølv når det er søkkvått som i dag. Ein salig blanding av sol og regn på turen.. og intense haustfargar på høgda over Angerskleiv.




Flott fjellstirunde i haustfargar på Golsfjellet, med ein avstikkar oppom Aunehaugen og Storefjelltoppen. Panoramautsikt mot både Hallingskarvet, Reineskarvet, Hemsedalsfjellene og Jotunheimen.




Topptur til Beia(1081m). Lang nedkøyringar og flott utsikt over Hallingdalen og fjella rundt!


Opp Skjervet og til Skår, så vidare over til Skeiset/Dikje. Vått, mildt sagt, men slapp unna det verste regnet på turen.



Hesteggi (907m) og Vardaheii (900m) . To klassikere i Sogndal som byr på kilometervis med flytsti i barskogsterreng


På diverse stiar i Leikanger og Kaupanger (Dalåker). Ein liten rev kryssa stien to gonger rett framfor meg på den siste stituren nedatt til parkeringa.


Bømoen og Storåsen. Måtte korte inn runden litt då det "plutseleg" vart myrkt..


Stirunde Bømoen - Storåsen. Veldig fine forhold i kveld

Hamre - Oksen
Flott kveldstur til Oksen (1210m) frå Hamre. Shortstemperatur og knusktørre svaberg nedatt frå toppen.




Opp Bulkovegen til Grønnli, så vidare over Almenningane og på T-merka sti til Helgastøl/Folkedal. Sol og varmt, og haustfargane er no på veg i fjellet!


Tur-retur Granvin-Ulvik over gamle postvegen. Tok ein lang og god pause i Ulvik før returen tilbake over Bergo og Angerskleiv.

