Ettermiddags-/kveldstur til Ingebjørgnuten og Verkadalsnuten i det som utvilsomt må ha vert den varmaste dagen til no i september. Lang og flott solnedgang på turen nedatt!




Vikafjellet (Kvilesteinsvatnet - Selhamarvatnet)
Flotte haustdagar på Vikafjellet, med turar og fisking i området mellom Kvilesteinsvatnet og Selhamar. Men sjølv etter utallige timar med fisking fekk ingen av oss så mykje som eit napp nokon av dagane.






Horganipen (1035m) og Nesheimshorgi (1133m)
Fin rundtur opp Horgastien til Horganipen og vidare til Nesheimshorgi, så nedatt Nautastien.



Seljenuten og Middagsvarden frå Hamre
Snudde like etter Middagsvarden då skodda la seg tett og sikta forsvant.

Joggetur rundt Vatnasete og Maovatnet/Vetlavatnet i kveldssol og flotte haustfargar!



Kveldstur til Ingebjørgnuten (1210m). Ein av dei få fjelltoppane rundt meg der skodda ikkje hadde lagt seg.

Eit par stirundar i Bømoen. Fine forhold!
Kajakktur i Espelandsvatnet

Eg og Sigve på formiddagstrim opp Hangurslia til Hangursrestauranten (for å kjøpe is)! Nedatt om Raugstad. Nydeleg vær, men søkkvåte stiar.
Vatnavatni og Fagerdalsnipi
Flotte haustdagar i Stølsheimen med telttur til Fagerdalsnipi (1245moh) og fiske i Vatnavatni.















Flåm - Finse (Rallarvegen)
Sykkeltur frå Flåm til Finse i friskt haustvær krydra med litt nysnø og eit par lokale sludd-/snøbyger mellom Hallingskeid og Fagernut. No er det kun 4-5 snøfonner att langs vegen, og fleire av dei kan syklast rett over.




Stirunde Storåsen/Håmyrane

↑620m 9km
Via Ferrata Straumsfjellet
Via ferrata opp den imponerande sørvestveggen på Straumsfjellet i Valle, Nord-Europas lengste rute av sitt slag. Ein mildt sagt luftig tur, med flott panoramautsikt over Otra-elva og Setesdalen.



Stisykling i Stabbestad (Kragerø)
Kjempefin stirunde med utgangspunkt frå Kragerø Resort. Lett blanding av tekniske stiar, svaberg, og kilometervis med flytsti gjennom skogen.




Gumøy (Kragerø)
"Gumøya rundt". Stiane og kjerrevegane på Gumøy er idylliske og flotte, og sidan øya har mange beitedyr så er vegetasjonen åpen og stiane godt vedlikeholdt.





Gautefall (Nissedal)
Fin stirunde på sva og flytsti, og over utallige tilrettelagte klopper.





↑690m 7,5km
Kveldstur til Velkesfjellet



Sandfjellet frå Gjelle. Haustklar luft og flott rosa himmel etter solnedgang.

