SEPTEMBER 2022

  ↑1320m   18km   2t:55m
Horndalsnuten (1461m) frå Skaftedal via elvedalen.
  ↑1090m   16km   2t:35m
Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
  ↑220m   9km   1t:05m
Stirunde Haugse-Vatnasete-Vetlavatnet-Haugse
  ↑720m   12,5km   2t:45m
Ettermiddagstrim til Kvasshovden (1065m) rett etter jobb. Opp Lødalen til Gunnarsete og nedatt forbi Geituri til Liaset i siste rest av kveldssola. Stien som går ned frå Kvasshovden til Lødalen er, med få unntak, såpass bra at den er syklbar sammenhengande ned frå toppen når forholda er som i dag. Eit av få fjell i Hardanger der det lar seg gjere.. så det får bli neste prosjekt.
     ↑1220m   16km   2t:35m
Hanakamb (1080m)
Starta frå Måge og fulgte umerka sti bratt opp mot toppen, så nedatt Raunsdalen og den langt meir brukte ruta til Kvitno. Derifrå på sykkel langs fjorden til utgangspunktet. Kjempefin rundtur med haustfargane som no er på sitt flottaste!
     ↑930m   38km   2t:20m
Opp Skjervet og Bulkovegen til Grønnli/Byrset. Så på sti i flott terreng over til Krokatjørni og Håset. Tilbake om Flatlandsmoen,
     ↑520m   18km   1t:20m
Vatnasete t/r. To revar pilte over vegen på turen nedatt. Den fyrste ved Haugseåsen og den andre rett før Velken.

  ↑220m   11km   1t:05m
Hamrevegen t/r

     ↑1020m   34km   2t:30m
Fyrst opp til Angerskleiv og på sti ned til Granvinsvatnet via Hausnes. Så opp til Bilde og på bratt kjerreveg nedatt Nesheimslia.

     ↑1100m   45km   3t:50m
Allmenningavegen/Helgastøl
Starta frå Granvin og sykla fyrst opp Bulkovegen til Grønnli, så vidare på sti til Almenningavegen og den T-merka stien over til Helgastøl i Folkedal. Kjempefin rundtur i begynnande haustfargar og sommartemperatur.
     ↑640m   20km   1t:20m
Kveldstur tur-retur Angerskleiv.
  
Skorvofossen
     ↑2020m   106km   6t:50m
Rallarvegen Flåm-Finse (t/r)
Flott haustdag på Rallarvegen med innlagt is- og vaffelpause på Finsehytta.
     ↑290m   25km  
Tur-retur Hamre
     ↑1110m   14km  2t:20m
Horganipen (1035m)
Horganipen frå Hedler/Nesheim. Opp via Grostøl og nedatt forbi Steingrimsteigen og på fin sti siste del til vatnet.
     ↑1690m   35km  4t:20m
Olsskavlen (1576m)
Fyrst på sykkel frå Granvinsvatnet til Olavstøl og vidare på joggesko til toppen. Haustfargane har no så smått begynt å vise seg i fjellet.