Tur til Sauanuten frå Liasete. Lett puddersnjo frå Olastøl og opp til 1100 høgdemeter, men avblåst og skarete frå Stavaskarsnuten og opp mot toppen. Svært mykje rypespor i snjoen for tida, og eit harespor som nesten uavbrutt fulgte den mest brukte vinterruta mot Sauanuten.
Utsyn mot Espelandsvatnet, Nordbotnnuten og Vassfjøro
Utsyn mot Stavaskarsnuten 1349moh. frå Olastøl
Eit ferskt harespor i fjørlett nysnjo
Sauanuten