Kveldstur til Olsskavlen med Georg og Reidun.
Solskin og flott nysnøføre frå Stavaskaret (750m) og vidare. Skodda kom sigande då me nærma oss Olsskavlen, og me fekk aldri den flotte solnedgangen frå toppen som me hadde håpa på. Etter eit par hundre høgdemeter med nedkøyring i nysnø vart sikta god, med flott skin frå månen og solnedgang i vest. Me kunne og skimte planeten Mars, som ein raudleg liten prikk på himmelen (http://www.tv2.no/2014/04/08/storm/stjernehimmel/planet/mars/5484578). Nedkøyringa frå Stavaskarsnuten og vidare var mildt sagt dårlig - slusjsnøen var omgjort til brotskare av verste sort...
Nysnøforhold frå ca 1100moh.
Olsskavlen 1576moh
Ned frå Olsskavlen i tett skodde (med varden i bakgrunnen)
På veg ned frå Olsskavlen