Kjøyrde opp Olavstølvegen så langt eg kom og gjekk vidare til rett oppunder Stavaskarsnuten, der skodda låg tjukk vidare oppover. Omlag ein halv meter med snø frå ca 8-900moh. To flotte nedkøyringar mot Olastøl i fersk nysnø. På den siste nedkøyringa klarna det skikkelig opp.. og det vart flott skin frå halvmånen på veg nedatt mot bilen.
Utruleg kjekt med sesongens fyrste skitur når forholda er så bra som no!


Siste nedkøyringa med hovelykt