OKTOBER 2020

      ↑1080m   17,5km
Onen (1620m)
Starta grytidleg, i flott soloppgang og fullmåneskin, og fekk utnytta finværet som var meldt i formiddagstimane. Relativt god snøsåle frå parkeringa (ca 950moh) og heilt til topps, med nokre cm med nysnø oppå skaren.

      ↑920m   11km
Kveldstur og trugetur til Ingebjørgnuten (1210m).
20cm nysnø og perfekte snøforhold for smale og lette truger.

      ↑430m   9,5km
Stirunde Haugseåsen-Vatnasete-Snaueggi-Maovatnet-Heiane-Haugseåsen

      ↑510m   16km
T/r Litlastøl

      ↑460m   5km
Tur til Tingsteinen frå Skaftedalen. Me tok oss og tid til å rydde vekk litt greiner og busker i traseen (som forhåpentligvis kan tas i bruk med ski på beina i vinter).

      ↑1180m   14,5km

Midtfjell (1255m)

Fine kontrastar med haustfargar ved fjorden og nysnø på toppane. Vinteren rykker stadig litt nærmare!

      ↑890m   11km

Kvasshovden (1030m) frå Espelandsdalen

Fin tur via Geiturdi til Kvasshovden, men ei lokal kortvarig snøbyge på toppen gjorde til at utsikta vart minimal.

      ↑640m   26km
Rundtur Vatnasete-Vetlavatnet-Tveito-Eide

      ↑510m   16km
t/r Vatnasete i eit par timar med opphaldsvær.

      ↑1280m   10km

Oksen (1241m) frå Hamre

Flotte forhold med frosne myrer og tørre svaberg, og ikkje eit vindpust på toppen.

      ↑980m   9km

Brattenuten (1209m) frå Espelandsdalen/Espelandsfossen

Gjekk opp Hestestodene til Brattenuten. Rett ved toppvarden letta det ein kongeørn. I over ein halvtime sirkulerte den over toppen, og var berre 50-100 meter ifrå meg på det nærmaste.

      ↑230m   5km
Jobykse - Tunheim (Ulvik)

      ↑430m   13km
Flott joggetur i låg ettermiddagssol. Rute: Vatnasete - Angerskleiv - Fuglavatnet - Vetlavatnet - Haugseåsen.

      ↑1080m   13km

Håsetekolla (1030m)

Rute: Alsåker-Aldal-Kumlevatnet-Håsete-Håsetekolla (1030m) - Alsåker

      ↑230m   9,5km
Rundtur Vatnasete-Vetlavatnet-Haugseåsen.

      ↑970m   13km
Midtfjell (1255m)
Kveldstur til Midtfjell. Kom opp til den siste halvtimen av solnedgangen frå toppen, og kveldsljoset varte lenge nok til at eg kom meg nedatt uten å ta fram hovelykta. Ein flokk på 14 vinterkledde fjellryper og ein stor grå hare dukka opp rett før toppen!

      ↑1220m   11,5km
Oksen (1241m) frå Hamre (via Seljenuten)
Ettermiddagstur i flott haustvær!

      ↑1080m   12km
Ingebjørgnuten(1210m) frå Røynstrand

      ↑880m   14km

Kjepsostølen (Ålvik)

Starta frå Kjepso og gjekk opp "stegane" - den kortaste og brattaste vegen opp frå Kjepsogarden (250moh) til stølen, så nedatt den T-merka stien til Ålvik - med panoramautsikt over Hardangerfjorden. Også denne garden var i 2008 med på "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" (Turen opp stølsvegen blir vist frå 24:10 i sendinga, og trestigane er no bytta ut i meir robuste stiger i stål/aluminium)

      ↑590m   5km

Kjeåsen (Eidfjord)

Seinhausten er kanskje den aller finaste tida å gå denne turen, der stien no er dekka av eit tjukt teppe av haustlauv. I dag var det heller ingen turistar å sjå på denne ellers så populære turen, som mellom anna er kjent frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu: " https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2002/PRHO70000402/avspiller
      ↑1570m   24km

Vassfjøro (1633m) frå Sotenos/Solsæ

Rute: Sotenos - Solsæ - Jonstøl - Vassfjøro (1633m) - Vetle Vassfjøro - Horgo - Jonstøl - Sotenos.
Starta grytidleg i dag for å utnytte godværet som var meldt på formiddagen. Eit tynt skoddelag og kun korte gløtt med utsikt frå toppen, ellers perfekt haustvær, varmt og vindstille!
      ↑1270m   16km
Fin rundtur opp lia til Njuk, så vidare til Horganipen/Horgastien, Grostøl og Nesheim.

        
Kajakktur i Langavatnet på Osafjellet

      ↑670m    15km
To stirundar Bilde - Nesheim.

      ↑270m   10km
Stirunde: Haugseåsen - Vetlavatnet - Maovatnet - Angerskleiv - Vatnasete.

      ↑1380m    13km
Oksen (1241m) / Veten frå Hamre
Gjekk opp via Seljenuten og ned den bratte stien frå Nuten til Hamre. Kraftig vind frå søraust og periodevis storm i kasta på toppen. Unormalt dårlig sikt dei fyrste timane av turen, noko som viste seg å være forårsaka avsvevestøv frå jordbruksområde i Aust-Europa
      ↑480m    4km
Kveldstur i stien (gamle skulevegen) frå Bilde til Nesheim. Stort sett tørre, fine forhold!