Stirunde: Haugse-Øykjaskår-Heiane-Maovatnet-Vatnasete-Haugse
Frosne stiar og flotte forhold mellom Maovatnet og Vatnasete
Finnbunuten (1358m)+fortoppen.
Kjempeflott dag med sol frå blå himmel og bra pudderføre over 8-900 moh.
Foto over/under: Jarand
Starta morgonen med å sykle opp Vindalsvegen, men kom ikkje lengre enn halvvegs før kjedet rauk tvers av, så då vart det ein Joggetur istadenfor - opp bakkavegen frå Spildo og over på sti til Skår, så nedatt om Skjervet og sherpatreppene. Klink is frå øvre del av Skjervet, men ellers fine forhold og ein kjempefin rundtur!
Ettermiddagstur på frosne stiar til Hedler.
Fin tur til Njuk frå Såkvitno. Julekortstemning!
Stirunde Haugseåsen-Vatnasete-Maovatnet-Heiane-Haugseåsen-Haugse. Tjukk skodde og trolsk stemning gjennom skogen med hovelykta. Svært mildt i kveld.
Ein litt ufokusert hjort dukka plutseleg opp framfor meg..
↑1500m 30km
Skorsonen frå Osafjellet
Flott dag på Osafjellet til Onen og vidare til Skorsonen i strålande vær og føre, med omlag 20-30cm nysnø!
Fullmåne over Vassfjøro
Panorama fjordutsikt frå Skorsonen
Strålande pudderføre ned frå Onen | Foto over/under: Sigvor
Horganipen (1035m) i vakkert novemberljos og 10cm dagsfersk nysnø.
Seljenuten frå Hamre. Nedatt om Verkadalsstølen/Djupeviki og sykkel tilbake til Hamre. Kjempefin rundtur på frosne stiar/myrer.
Onen (1621m) frå Viermyr
Sesongstart på Osafjellet i betre snøforhold enn forventa. Me fulgte fyrst Osafjellsvegen opp til Langavatnet og gjekk vidare bratt opp til toppen sørvest for Kvilinganutvatnet, så vidare til Onen akkurat i det tåka letta. Nedkøyring i retning Langavatnet i mjuk fokksnø og ei lite lag med nysnø, kun litt sikksakk-skriing mellom stein dei siste 100 høgdemetrene nedatt til vegen. Strålande vær, nydeleg solnedgang, måneskin og blåtime!
Sola bryt gjennom skodda. Foto: Eva
Foto: Eva
Fin morgonjogg på div stiar og grusvegar i Øvre-Granvin
Nesten samme stirunden som i går, men me sprang vidare til Øykjaskår og utsiktspunktet.
over Tveitelva
↑190m 7,5km
Stirunde Haugseåsen-Vatnasete-Maovatnet-Heiane. Stjerneklart.
↑540m 10,5km
Joggetur Tveitovegen-Vetlavatnet før måndagsbadet i fjorden.
↑1241m 11,5km
Oksen 1241m
Bratt opp til Nuten og vidare i 10-20cm nysnø til toppen, nedatt via Seljenuten til Hamre. Tok på isbrodder frå 800moh, og utan dei hadde det nok blitt vanskelig å komme seg opp.
Ein vinterkledd hare spratt ut av hula si berre eit par meter ifrå meg
↑700m 11km
Kvanndalsstølen
Morgontrim til Kvanndalsstølen frå Håstabbø. Nedatt sherpatreppene, slik at det vart ein fin rundtur!
?
4 sherpaer i aktivitet med siste del av stien opp mot Kvanndalsstølen
↑1100m 17,5km
Bagne og Grøndalen/Ramnaberg/Skardsete
Ein fantastisk flott haustdag med kajakktur over Osafjorden og vidare til fots til Bagne, Grøndalen, Skardsete og Ramnaberg. Me fekk sett både hjort, fjellryper, tre kongeørn og nokre niser.
Det er fort gjort å miste fokus i morgontimane..
Bagne
Fjellrype i flukt (midt i bildet)
Ingen fjelltur uten medbrakt stol.. | Foto: Sigvor
På gjenngrodde stiar | Foto: Sigvor
Ein stor kongeørn, som ikkje var særlig villig til å forlate greina si.
..før me hadde stått ei stund og observert den
Fin morgontur til Ingebjørgnuten (1210m) rett før soloppgang
Minutter før sola bikker over horisonten